Glad i heimstaden: Leiar i Kjøde grendelag Kristian teigen. Han er opprådd over situasjonen saksgangen til skipstunnelen stiller bygda i.
Glad i heimstaden: Leiar i Kjøde grendelag Kristian teigen. Han er opprådd over situasjonen saksgangen til skipstunnelen stiller bygda i.

Kjøde Grendelag krev svar om skipstunnelen:

– Det er på grensa til tortur. Dette går ut over helsa til folk

– Folk i Kjøde føler at vi har stått åleine om dette. Det er mykje i media om verdiskaping og kva tap næringslivet lir under, men på oss går det på helsa laus. Det seier leiar i Kjøde grendelag, Kristian Teigen, til oss.

I ein Mail til fleire medium på Vestlandet går Kjøde Grendelag ut med ei pressemelding med klar agenda: Dei krev ja eller nei til Stad Skipstunnel.

I Mailen skriv Kristian Teigen, leiar i Kjøde Grendelag, at grendelaget har hatt styremøte 15.05, og at dei saman har vedteke å sende ut ei uttale til mediene. Dette etter å ha drøfta utviklinga til skipstunnelprosjektet.

I pressemeldinga skriv dei:

No ynskjer vi eit JA eller NEI til Stad skipstunnel.

Vi har allereie levd i uvisse i over 30 år. No er store delar av bygda underlagt reguleringsplanar som er vedtatt og som er under planlegging.

Skal vi leve i nye 30 år i uvisse?

Kjøde, 15.05.2023

Heimane vert rivne

Kristian Teigen, leiar i Kjøde Grendelag. FOTO: Privat

Vi tek kontakt med Teigen tysdag føremiddag, og det er ein engasjert men alvorleg grendelagsleiar som fortel at dei no har fått nok av å leve i uvissa.

– Det har vi gjort i 30 år. No er bygginga vedteke og vi har sett livet på vent. Folk får beskjed om å flytte, nokre vert kjøpt ut, andre vert tvungne med truslar om at dei vert tvungne ut dersom dei ikkje godtek eit tilbod. Ekspropriasjonsspøkelse har vore i bygda gjennom heile perioden det har vore kjempa for tunnelen, og vi ser det kvar dag. Kystverket sin framgangsmåte har vore at «vert ikkje de samde med oss, tek vi det med tvang», seier Teigen, og gjer det klart at dei ikkje kan vente lenger.

– Det er store areal som vert låst i reguleringsplanar i tiår framover. Vi får ikkje gjort noko med eigedomane våre. Prosjektet delar bygda i to. Heimane og barndomsheimane våre vert rivne, samlingspunkt for slekt og familie går tapt. Prosessane som vert gjort mot bygda no er på grensa mot tortur, og vi kan ikkje leve slik i 20-30 års tid til.

Manglar støtte

Teigen fortel at folk i bygda føler at dei har stått åleine om følgene Stad Skipstunnel har for dei.

– Det skal ikkje mykje til for å sjå at vi er den mest råka parten i dette. Her vert det anleggsvegar og trafikk på kryss og tvers i bygda. Byggingsfasen vert i alle fall fem år, så vert det fem år med massedeponi. Etter i alle fall ti år skal dei byrje arbeidet med å lappe på såra etter anlegga. Om dette har vi stått åleine i prosessen. Kommunepolitikarar og -administrasjon har ikkje vist så stor interesse for oss. Det er snakk om folk og næringsliv som satsar i media, når tunnelen no er sett på vent. Det er vi som kjenner at det går på helsa laus, seier Teigen.

Han fortel at det er fleire som står i rettsaker om ekspropriering av eigedomane i bygda.

– Og no, når prosjektet er sett på pause, veit ikkje bygdefolket når dei skal måtte leve i støyen, eller om dei faktisk må flytte. Kystverket kan ikkje svare, og det skjønar vi, men situasjonen er likevel uhaldbar. Vi må ha eit ja eller nei no. Vi byrjar å snakke om at dette går ut over heile livssyklusen til enkelte i bygda, understrekar grendelagsleiaren.

Arbeidet held fram

Vi tek kontakt med prosjektleiar i Kystverket, Terje Skjeppestad, som skjønar at folk i bygda er frustrerte etter dei uklare meldingane om løyvingar til tunnelprosjektet.

– Eg skjønar bygda godt, kvifor dei er urolege og stiller spørsmål. For Kystverket sin del held vi fram med dei arbeida som har vore pågåande heile tida som planlagt. Det vi har fått i revidert nasjonalbudsjett er ei utsetjing av løyving fram til neste budsjett. Meir enn det kan eg ikkje seie, men for vår del har vi ikkje stansa noko arbeid, seier han.

Ut over dette ynskjer ikkje Skjeppestad å kommentere situasjonen i Kjøde for seg, men understrekar at det einaste som er skuva på, er anbodsutlysinga, som no først vil kome etter budsjettavgjersla i 2024.

– Utlysinga må sjølvsagt skuvast på, og slik sett vert det nokre månadar seinare utlysing enn planlagd, seier han.

– I kva omfang forseinkar dette arbeidet dykkar?

– Dersom vi ikkje får utlyst i 3. kvartalt 2023, men får gjort det ved budsjettavgjersla i 2024, snakkar vi om ei forsinking på tre til seks månadar.

– De har ikkje fått beskjed om å setje noko anna på vent?

– Nei. Berre ein beskjed om å vente med utlysing til budsjettet i 2024, avsluttar prosjektleiaren.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

1 Kommentar
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer
Jarle
Jarle
1 år siden

Flagget til topps.. shampanjen sprettes..enda en gang?. Ordfører i Vanylven?..