Kvam ved kai på Åram.
Kvam ved kai på Åram. FOTO: Tanja Anett Thunem/Arkiv

Nei til nedlegging av ferjesambandet Åram-Larsnes!

Vi som bur i Vanylven får av og til ei kjensle av å vereom bord i eit vakkert, men synkande skip. Ikkje berre er vi omgitt av hav på nesten alle kantar – i alle fall vi som bur ute på Åram og Hakallestranda.

No ser det ut til at vi skal få nok eit kraftig skot for baugen. I Vestlandsnytt 09.11.2022 og Synste Møre 10.11.2022 kunne vi lese at fylkeskommunen har foreslått å legge ned Åram ferjekai og seglande reserveferje på rute 01, sambandet Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya. Det vil seie at dersom fylkesadministrasjonen i Molde får det som dei vil, kan ein ikkje lenger ta ferje mellom Åram og Larsnes eller mellom Åram og øyene Voksa/Sandsøya og Kvamsøya.

Administrasjonen i Vanylven kommune skal ha blitt orientert om dette i eit møte med fylkeskommunen i førre veke, og saka skal ha vore drøfta i Formannskapet i Vanylven 08.11. Verken kommuneadministrasjonen eller vi som bur i denne delen av kommunen er blitt involvertei saka, sjølv om dette i høgste grad påverkar kvardagen vår og kommunens moglegheiter for utvikling.

Saka skal opp til behandling i Samferdselsutvalet i fylkeskommunen alt fredag 11. november. Innsparingstiltaket ligg godt gøymd i fylkeskommunens økonomiplan for 2023-2026; eit dokument på 201 sider. På side112 kan ein lese at det grunna den krevjande økonomiske situasjonen som fylkeskommunen er i, er foreslått å innstille den seglande reserveferja på rute 1 Larsnes- Åram-Voksa-Kvamsøy frå 2023. Dette vil gi ei innsparing på 7 millionar kroner. Ferjekaia på Åram er ikkje nemnd her, men kan han ligge skjult i eit innsparingstiltak på generelle utgiftsreduksjon til samferdsel på 10 millionar kroner? Dette dramatiske kuttforslaget er nærmast usynleg i fylkeskommunens sakspapir.

På side 132 får vi litt meir oppløftande nyheiter. Fylkesvegane foreslår nemleg å auke løyvingane til den såkalla Ytre Sunnmørspakka, med opprusting av ferjekaiane på Voksa, Larsnes, Åram og Kvamsøya. Fylkeskommunen vil altså legge ned ferga til Åram, men ruste opp ferjekaia?

Av og til kjennest det veldig langt til Molde. Heile tre ferjer må til for å krysse fjordane frå Søre Sunnmøre til Romsdalen. Møre og Romsdal er eit ferjefylke. Ferjer kostar pengar, men det gjer også bruer og tunnelar. Fleire store investeringar på samferdsel, som den nye Nordøyvegen, gjer at ein må spare inn på andre postar for å få budsjetta til å gå i balanse. Samtidig har folk knapt råd til å betale bompengane for å bruke bruene. Gratis ferjetransport, som regjeringa så fint lova, men ikkje fullfinansierte, gjer at fylkeskommunen sit att med rekninga. Rentene stig og alt blir dyrare. Medan livsmotet for oss som bur i distrikta synk.

Det er noko som heiter å spare seg til fant. For oss som bur på Åram og Hakallestranda er ferjesambandet Åram-Larsnes ei viktig livsnerve. Mange her arbeidspendlar nordover til Sande, Herøy, Ulstein eller til og med Ålesund. Å ta ferja om Koparneset, forlenger arbeidsreisa med rundt 25 minutt. Om du jobbar i Fosnavåg får du altså ikkje berre ein time, men nærare halvannan time i bil kvar veg til jobb. Hakallestranda er av mange omtala som «gullkysten». Ei fantastisk kyststripe ut mot Stadhavet, med storslått natur og godt naboskap. Men orkar ein å bu her dersom ein må bruke mesteparten av dagen i bil for å komme seg på jobb?

Åram var inntil for ikkje så mange år sidan ein del av Sande kommune, og mange har arbeidsplassen sin på Larsnes. Her er det mogleg å sykle på ferga og gå rett på jobb på andre sida av fjorden. Bra for helsa, og bra for miljøet. Dersom ein må ta ferja frå Koparneset, er bil det einaste alternativet.

Kvamsøya, Sandsøya og Voksa er det fleire som i dag reiser sørover til Vanylven på jobb, til Fiskå, Syvdeeller Åheim. Desse risikerer no få ein lang omveg om Larsnes, Årvika og Koparnes. Enkelte pendlar også den andre vegen, ut på øyane. Fleire i Vanylven har arbeidsplassen sin på desse ferjene, og risikerer å måtte krysse fjorden via lange omvegar for å komme seg på jobb.

Ungdom som skal på vidaregåande skule i Ulsteinvik eller Fosnavåg og bur i denne delen av kommunen kan i dag følgje ferja frå Åram til Larsnes og skulebussen vidare derfrå. Det betyr at dei slepp å flytte på hybel alt som 15-åringar. Denne moglegheita vart alt kraftig redusert i Vanylven etter at den vidaregåande skulen i Syvde vart lagt ned. Dersom også ferjesambandet Åram-Larsnes forsvinn, mistar vi alle moglegheiter til å ha ungdommane våre buande heime medan dei går på vidaregåande skule. Det er ikkje berre dyrt for dei som må betale for hybel i tre år, men gjer det også vanskeleg for kommunen å tiltrekke seg nye innbyggara; særleg barnefamiliar.

Nedlegging av dette ferjesambandet vil også vere negativt for næringslivet i kommunen, mellom anna for reiselivsnæringa. Hakallegarden er blitt eit populært besøksmål i heile regionen, og Hakallestranda har utvikla seg til å bli eit populært hytteområde. Om det blir for langt og tungvint å komme seg hit i helgene, vel ein kanskje ein annan stad å feriere, og grunnlaget for ei no veksande næring i kommunen forsvinn.

Forslaget om å legge ned ferjesambandet Åram-Larsnes vil ta denne regionen eit langt steg i feil retning. Vi har allereie ein utfordrande situasjon med lange avstandar og dårleg kommunikasjon. Det går ei smertegrense forkor mange fjordarmar ein skal tråkle seg gjennom for å komme seg på jobb, skule, kino eller handletur.

Vi håpar Vanylven og Sande kommunar er ansvaret sitt bevisst i denne saka, og at dei tek alle dei tre ferjene til Molde for å fortelje politikarane i Samferdselsutvalet og på Fylkestinget kva vi treg for å halde oss flytande her sør. Vi treng å komme oss over fjorden.

Åram, 10.11.2022

Tonje Ramse Trædal

Normann Sivertstøl

Frode Høgset

Marietta Pal

Njål Sivertstøl

Ove Sivertstøl

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

1 Kommentar
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer
Eva Kristin Nystøyl
Eva Kristin Nystøyl
1 år siden

Veldig godt innlegg, og eg er heilt enig! Bur sjølv på Åram og pendlar til Ulsteinvik. Eg er avhengig av å kome meg over fjorden for å kome meg på jobb for å kunne bu her på heimstaden min, og ynskjer ikkje flytte andre stadar. Liv i bygdene krev kommunikasjonsmoglegheiter som fungerar. Eg undrar meg over at ferjesambandet mellom øyane og Larsnes er gratis, medan dei som skal ta det same ferjesambandet mellom Åram og Larsnes må betale. Eg føler meg diskriminert kvar dag eg reiser med bil, og særleg i dei tilfella der eg kan oppleve å vere den… Les mer »