la traviata 2

Omtale: La Traviata på Opera Nordfjord

Storslått og fargerikt på nynorsk

Fullsett operasal, trampeklapp og jubel frå publikum prega førestillinga under premieren på La Traviata på Opera Nordfjord. Det er 23 år sidan dei sette opp den same førestillinga førre gong, men kulissar, regi og det meste av besetninga var fornya til haustens storsatsing.

Den lokale operaen vår er berre ein liten times køyretur unna, og kan vere eit kjærkome tilbod til dei som ynskjer seg ein type kultur ein elles må flyge langvegs for å oppleve.

Opera Nordfjord framstår som ein heilprofesjonell aktør når dei inviterer til førestilling, sjølv om programmet er ganske avgrensa, og store delar av besetninga er bemanna av folk som jobbar friviljug.

STATSFORVALTAR I VESTLAND, Liv Signe Navarsete, er stolt over kulturinstitusjonen i Nordfjord med det lokale preget.

Det lokale preget ser vi også att blant dei tilsette songarane og musikarane i førestillinga. Fleire i rollelista kjem frå området, og det same kan ein seie om det store teamet som har jobba med kulissar, scenografi, koreografi og regi. Det er også særs gledeleg at operaen deler lokale og samarbeider tett med Eid vidaregåande skule, og slik har elevar frå heile fem yrkesfaglinjer vore delaktige i førebuinga av oppsetjinga. På scenen kom difor ein stolt nytilsett rektor, Alf Reidar Myrstad, etter førestillinga, og takka operasjefen for flott samarbeid – som han uttrykte at han «grugledde» seg til å halde fram med. Samarbeidet gir nok mykje att, men kostar tilsvarande av innsats frå både tilsette og elevar.

Før førestillinga kom statsforvaltar i Vestland, Liv Signe Navarsete, på scenen, gratulerte med oppsetjinga og uttrykte at ho var særs stolt over kulturinstitusjonen med det lokale preget. Operasjef Kari Standal Pavelich ynskte velkommen, og løfta sjølv fram dei friviljuge sin innsats, då dugnadstimane som ligg bak førestillingane har enorm verdi, og er grunnlag for å drive operahuset som ein gjer.

«Den Falne»

La traviata er eit intenst kjærleiksdrama prega av liv, fest og død. Kjærleiken mellom Violetta (spelt av Lydia Hoen Tjore) og Alfredo (Erlend Tvinnereim) speler seg ut som ei destruktiv reise mellom elsk og hat, truskap og intrige, familieformue og dekadent sløseri. Vi treng ikkje fortelje korleis det går, for det er vegen dit som er det viktige. Slutthandlinga er relativ uinteressant i det heilskaplege biletet, sjølv om scenene er rørande og Tjore syng inderleg og vakkert til Violeta sitt siste andedrag. Det er absolutt vakkert, men spanande er det ikkje.

Kontrastar

Både i kullisar, kostmer og uttrykksmåtar er det lagt stor vekt på kontrastar som berande verkemiddel, for å formidle skiljet mellom dei sorgtunge og glade, dei personane som er ryddige og konvensjonelle, og dei som er festande, kaotiske og lausrivne. Før første pause er vi på fest i eit fargerikt Art Deco-palass, i andre del er vi i eit pastell-beige herskapshus der ein tek for seg «keisame ting» som arv, ekteskap og familieformue, i tredje del er vi tilbake i det fargerike festlokalet att for den inderlege finalen.

Ukjønna

Humringa oppstår i salen i det skodespelarane kjem på scenen, for det er noko reint komisk over samansetjinga av kostymer og skodespelarar. Det er menn i kjolar og kvinner i dress, men det er også kvinner og menn i alle fasongar og kostymer. Mange av dei kvinnelege skodespelarane er så like dei mannlege under all sminke og glitter, at det som oppstår er eit fargerikt mangfald av ulike dansande, kosetymekledde og festlege personar, der kjønnet vert uviktig. Dette løftar førestillinga til Opera Nordfjord frå å vere ei oppsetjing som spelar på det komiske elementet ved utradisjonelle former for kjønnsuttrykk – det vert eit reint poeng at uttrykksmangfaldet ikkje avhenger av kjønnet til skodespelarane.

Høg kvalitet

Når det kjem til det skodespelartekniske er alt på plass, og det er ikkje noko som utmerkar seg som av låg kvalitet, sjølv om mange i besetninga ikkje er proffe skodespelarar. Det er likevel ei klar utvikling i oppsetjinga, der både songen, skodespelet og dansen verkar meir skjerpa og fullendt i andre og tredje del enn i den første. Her var forsvant både tekst, song og orkestermusikk litt i festen, og det var kanskje litt som om besetninga ikkje var heilt varme i trøya, men det heile vert reinare og vakrare utover i stykket – også festscenene.

Manglar tekst

Det er i det heile lite å utsetje på kvaliteten på førestillinga, og publikum sine smil om munnen og tårer i augnekroken etter førestillinga, vitna om at La Trviata var vel verd eit besøk.  Opera Nordfjord har likevel eit klart forbetringspotensiale då tekstskjermane deira ikkje fungerer for tida, og det ikkje let seg gjere å skjøne kva dei duellerande skodespelarane syng, sjølv om stykket er i nynorsk oversetjing. Vi vonar at dei får retta opp det tekniske til neste sesong, for sjølv om ein syng om skåling, kjærleik, død og armod om att og om att, er det mange nyansar som fell bort. At ein har klart å få på plass ei nynorsk oversetjing til førestillinga, er vel også grunn nok i seg sjølv til at dette burde ha vore på plass før La Traviata også.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer