Klare for å ta imot kongeparet

Det er mykje spanande som skjer for Håkon og Magnus Rusten Berge denne hausten. Dei har nettopp lært seg å sykle, dei byrjar i første klasse, og er godt nøgde med at dei begge har mista tenne før skulestart. Likevel er det noko anna gutane tenkjer mykje på for tida. Tvillingane med dei royale namna har nemleg eit heilt spesielt oppdrag i haust – dei skal overrekke blomar til kongeparet, når kongen og dronninga kjem på besøk i slutten av månaden.

Etter at vi fekk nyss om at dei to tvillingane på Rusta er valde ut til å overrekke blomar til kongeparet, tok vi ein tur for å vitje dei spente gutane. Når vi kjem er det «T-Rex» og andre dinosaurar dei talar om, men det er ein annan «Rex» tvillingane ser fram til å få helse på om nokre veker.

Dei snakkar mykje om oppdraget dei har fått heime, og har tenkt mykje på kva dei skal gjere når dei møter kongeparet. «Då veit eg kva vi må seie: God dag, deres Majestet», kom frå Håkon med det same, fortel mor Elisabeth Rusten Berge. Ho fortel også at pappa Stein og ho ikkje hadde nokon tanke om å kalle tvillingane opp etter kronprins Håkon Magnus. Det var tilfeldig.

– Vi visste at vi skulle ha ein Magnus, og så fall vi for Håkon og. Etter litt såg vi samantreffet med kronprinsen sitt dobbeltnamn, og det er jo litt morosamt, fortel Rusten Berge. 

Far Stein Berge seier at målet for sommaren var at gutane skulle lære å sykle, noko dei nettopp har fått til. At dei skulle bli valde til å helse på kongeparet ser foreldra på som ei veldig spanande, og dei fortel at dei ser på gutane at det er stort for dei. 

Det er ikkje så mykje tid til å sitje i ro og prate med dei aktive gutane, men når dei fekk besøk frå avisa for eit bilete og eit kort intervju i høve hendinga under kongebesøket, sat dei spente og fortalde ei lita stund. Det var likevel tid for å springe litt når utsendinga frå avisa spurte om bilete, og gutane fekk velje kulissar sjølv.  «Vi har ein gammal jungel der oppe», fortalde Magnus, og dit gjekk vegen. 

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer