KLARE FOR UKM: ein del av gjengen som planlegger UKM i Vanylven. Frå venstre: Mathilde Takseth, Tuva Borg, Kaja Bøstrand, Kristine Nordal, Ine Berget og Amalie Røys.
KLARE FOR UKM: ein del av gjengen som planlegger UKM i Vanylven. Frå venstre: Mathilde Takseth, Tuva Borg, Kaja Bøstrand, Kristine Nordal, Ine Berget og Amalie Røys.

UKM: Tid for å melde seg på

Snart er det tid for Ungdommens Kulturmønstring. Påmeldingsfristen er 01. juni, og det er berre for unge lokale talent å melde seg på med det dei ynskjer.

Etter kommunestyremøtet førre måndag gjekk vi på denne glade gjengen frå ungdomsrådet som jobbar på for å planlegge årets mønstring.

Det har ikkje vore skikkeleg kulturmønstring i COVID-perioden, og arbeidsgruppa vi møter gler seg veldig til å få arrangere. No vonar dei at nettopp du skal vere av dei som blir å sjå under årets mønstring.

Spanande program

Det er ikkje alt vi får vite enno. Det kviskrast om planar rundt nokre stunt frå programleiarane og ein film dei skal lage. Ikkje alt er på plass, men gjengen verkar sjølvsikre og målbevisste.

Ordførar Lena Landsverk Sande går forbi etter kommunestyremøtet, og dei hukar tak i henne for noko meir hemmeleg dei skal til med. Synste sin reportar som var på kommunehuset for å snakke med dei får ikkje vite meir på noverande tidspunkt, og må som alle andre fint vente til storhendinga.

UKM blir det uansett, og i år vert det i ungdomshuset på Fiskå i slutten av juni. Ungdomsrådet er arrangør og har planane klare. 

På tidlegare mønstringar har det vore om lag 80 aktørar fordelt på opp mot ti sceneinnslag, ti i utstillinga og nokre filmar. Gjengen har stor tru på at det blir ei bra mønstring i år, og det er ikkje grenser for kva ein kan melde seg på med. 

– Fotballtriksing? Dikt? Band hadde vore kult! Hekkeklipping, hehe? Eit Instrument? Trommer? Piano? Trylling? Redesign? Standup hadde vore kult! Eller berre det du er god på! 

PLANLEGGINGSMØTE: Mathilde Takseth, Amalie Ervik Røys, Kristine Nordal, Ine Berge, Kaja Bøstrand og Tuva borg har allereie jobba lenge med planlegginga av årets mønstring, og gler seg til å sjå kva innslag som kjem på kulturmønstringa.

Ideane frå gjengen er mange og bodskapen er klar – Det innslaget eller utstillingsobjektet du ønsker å lage kan vere kva som helst. UKM er staden for at du skal melde deg på med ditt talent. 

– Vi har plass til dei fleste interesser, og har til dømes også hatt innslag som går på mattradisjonar, og ein «open klasse». Det er ikkje berre tradisjonelle song og musikkinslag som skal stå på scenen,  seier kulturrådgjevar Veslemøy Ervik.

– Det blir eit proft opplegg. Ungdomsrådet er kjempeflinke og jobbar på. Lyd og lys er det Konsert Systemer som står for. Det er dei same som leverer tenester til festivalar som Jugendfest. Det blir også fine utstillingslokale og lerret så ein kan vise film, seier Ervik.

– Musikkvideo, og skrekkfilm, det hadde vore kult! Kjem det frå ei i gjengen.

Ervik poengterer at heile mønstringa er for og av ungdom, og at dei også har ungdomar som hjelper til bak scena og elles i arrangementet. Dei som ynskjer å hjelpe til utan eige innslag kan ta kontakt med ungdomsrådet eller meg, seier Ervik 

Dei som vil gjere noko på scenen eller stille ut noko må hugse påmeldingsfristen 01. juni!

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer