Hellebust går for tida påbygg på ein vidaregåande skule i Ålesund, etter å ha gått ambulansefag i fjor. No går dei fire ut i ein felles Spleis for å samle inn midlar til medisinsk utstyr.
– Pengane vi får går direkte til innkjøp av medisinsk utstyr som brukast til å hjelpe flyktningar frå, eller pasientar i Ukraina, og eventuelle transportkostnadar, skriv dei.
Vidare skriv dei at det i Ukraina er stor mangel på utstyr for å dekke helsehjelp.
– Vi er ei gruppe på fire personar som skal tilslutte oss andre frivillige ved grensa til og i Ukraina. Der skal vi ivareta flyktningar og pasientar som har behov for naudhjelp. Utstyr er dyrt, og kvart einaste bidrag betyr noko. Ditt bidrag kan vere skilnaden som gir oss eit ekstra hjelpemiddel og som reddar liv, skriv dei.
Til Synste Møre fortel Hellebust at dei har dialog med helsepersonell både i Polen og Ukraina.
– Delar av laget vi blir ein del av, reiser også inn i Ukraina for å utføre arbeid. Vi er også i dialog med folk som kan hjelpe oss å skaffe medisin. Listene over det vi etterspør kjem direkte frå sjukehus og andre hjelparar. Det er også slik at vi bidrar der vi kan yte best hjelp. Mange gjer ein stor innsats, også for å skaffe mat og medisin. Det som er nytt no, er at vi har avklart at vi blir å reise inn i Ukraina også, mellom anna for å hente ut pasientar frå sjukehus. Vi greier ikkje å la vere å hjelpe. Vi må bidra for å hjelpe flest mogleg, seier Hellebust.