Terrengbrannen skjedde her.
Terrengbrannen skjedde her. FOTO: Tipsar

Rykte ut til terrengbrann

Fredag ettermiddag like før klokka 16 rykte Vanylven brann og redning ut til ein brann i terrenget på Nordstranda.

Det skriv Møre og Romsdal 110 på twitter.

Til Synste Møre opplyser operasjonssentralen at brannvesenet no meiner å ha kontroll på brannen.

– Det blussa opp litt, men dei meiner å ha kontroll no, melde operasjonssentralen klokka 16.17.

Klokka 16.27 kan operasjonssentralen opplyse til Synste Møre om at brannen er under kontroll, og at brannvesenet blir verande der ei stund for å kontrollere.

Både mannskap frå stasjonen på Fiskå og tankbil frå Syvde er på staden.

Klokka 16.28 melde Vegtrafikksentralen Midt at fylkesveg 5852 var stengt som følge av brannen. I ei oppdatering kring kl. 16.50 melder dei at det er mogleg å passere og at politiet dirigerer trafikken ved Flugevågen.

I ei ny oppdatering klokka klokka 17.50 melder vegtrafikksentralen at vegen er open i begge felt.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer