Denne bustaden på Fiskå vart overtent onsdag kveld.
Denne bustaden på Fiskå vart overtent onsdag kveld.

Bustad på Fiskå totalskadd i brann

Ein bustad på Fiskå vart totalskadd i ein brann onsdag kveld.

Onsdag klokka 18.15 rykte Vanylven brann og redning ut til ein brann i eit hus på Fiskå.

Alle bebuarar skal vere ute av bustaden, får Synste Møre opplyst på staden. Det er kraftig røykutvikling. Vanylven brann og redning er i gang med å sløkkje brannen. Litt seinare vart det meld at bustaden var overtent.

– Det vert jobba for at brannen ikkje skal spreie seg, men det er ikkje nødvendig å evakuere andre bustadar per no, skriv Politiet på Twitter klokka 18.50.

Under kontroll

110-sentralen i Møre og Romsdal opplyser til Synste Møre at brannen like etter klokka 19.00 onsdag kveld var under kontroll.

– Klokka 19.10 melde Vanylven brann og redning at brannen er under kontroll. Utifrå dei bilda vi har sett, ser bustaden ut til å vere totalskadd. Utover kvelden vert det ettersløkking, sa operasjonssentralen kl. 19.40 til Synste Møre.

Like etter klokka 20.00 onsdag kveld melder Politiet på Twitter at brannen er sløkt.

– Årsak til brannen er per no ukjend. Det vert opppretta sak og hendinga vert etterforska, skriv Politiet.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

1 Kommentar
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer
Daniel
Daniel
2 år siden

oioioi det var kjempe trist. Håper de som budde der for et nytt hus(: