Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto. FOTO: Tanja Anett Thunem

Bil på taket ved Slagnes – person sendt til sjukehus for helsesjekk

Like etter klokka 06.30 torsdag morgon rykte Vanylven brann og redning ut til eit trafikkuhell på fylkesveg 61 ved Slagnes.

På Twitter melde Møre og Romsdal 110 om ein bil på taket, og førar framleis i bilen.

Like etter, i ei oppdatering frå Politiet Møre og Romsdal, vert det meldt at bilen har køyrt av vegen og ligg på taket. Éin person er involvert, og vedkomande er vaken og snakkar. Skadeomfanget er ukjend, og det er glatt på staden, melder Politiet.

110-sentralen i Møre og Romsdal opplyser til Synste Møre like før klokka 08.00 at vedkomande er evakuert ut av bilen av brannvesenet, og at trafikken vert dirigert om gamlevegen på Slagnes.

– Brannvesenet held på å avslutte sitt arbeid der no. Bilen ligg heilt ute av vegbana, og det er grunn til å tru at vegen blir opna om ikkje alt for lenge, opplyser 110-sentralen.

Klokka 08.20 opplyser Politiet Møre og Romsdal sin operasjonssentral til Synste Møre at føraren av bilen er sendt til Volda sjukehus for helsesjekk, og at skadeomfanget framleis er ukjend.

Eine feltet av vegen er opna igjen, opplyser operasjonssentralen.

Kommentarer

Her er du velkomen til å debattere saka videre. Men tenk gjennom korleis du vil fram stå og kva uttrykk du brukar. Ein liten huskeregel: Ikkje skriv noko som du ikkje kunne ha ropt ut på torget med mange tilhøyrarar. Du må bruke fullt namn - falske profilar vert utestengt. Hald deg til saka, vis respekt og stor rausheit overfor andre. Trakassering, truslar og hatske meldingar slettast. Hald deg innanfor lova.

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer