Hurtigtest.
Hurtigtest. FOTO: Fredrik Bakke

Deler ut hurtigtestar

På grunn av smitteutbrotet ved Åheim skule har Vanylven kommune starta å dele ut gratis hurtigtestar. Desse kan hentast på rådhuset mellom kl. 09.00 og 15.30 måndag til fredag.

Dersom ein ikkje har luftvegssymptom, kan ein hente dei sjølv.

– Av smittevernomsyn ber vi om at innbyggjarar med luftvegssymptom får symptomfrie pårørande til å hente test for seg. Hugs å bruke munnbind når du hentar testar, opplyser kommunen.

Om ein ikkje har personar som kan hente for seg, kan ein ringe koronatelefonen 700 30 109 for å avtale utlevering.

Følgande kan få gratis hurtigtest:

  • ved symptom som hovudverk, halsvondt, hoste, feber eller generell sjukdomskjensle.
  • bur saman med ein som er smitta
  • har fått melding om at du er nærkontakt

Ein får derimot ikkje gratis hurtigtest om ein treng det for å teste seg før eit arrangement, før ein skal ut på reise, eller fordi ein kjenner uro for å vere smitta utan at ein er definert som nærkontakt eller har symptom.

Kommunen opplyser at ein må informere kommunen ved eit positivt prøvesvar. Det kan ein registrere på nett. Dette systemet er per måndag ettermiddag nede, og i mellomtida kan ein varsle kommuneoverlegen per e-post.

I tillegg må ein:

  • Isolere seg med ein gong.
  • Varsle husstanden sin som skal gå i karantene med ein gong og teste seg etter reglar
  • Sjølv varsle øvrige nærkontaktar.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer