Åheim skule
Åheim skule FOTO: Arkiv

Fem nye smittetilfelle

Utbrot ved Åheim skule: – Vi må forvente at ein avdekker fleire smittetilfelle i dagane framover

Torsdag vart det avdekt eit smitteutbrot ved Åheim skule, og det er per no meldt om tre smittetilfelle knytt til skulen.

Kommuneoverlege Cecilie Oppedal opplyser at karantenesetjing er utført etter gjeldande retningsliner. Det betyr at kun husstandsmedlemmar og tilsvarande nære, skal i karantene.

– Alle elevar på mellomtrinnet og ungdomstrinnet er bedt om å teste seg med hurtigtest. Elevane på småtrinnet bør teste seg ved symptom, skriv Oppedal.

Vidare oppfordrer ho til testing 2-3 gonger komande veke.

– Vi må forvente at ein avdekker fleire smittetilfelle i dagane framover. Skulen vil ha testar tilgjengelege for utdeling frå fredag, skriv ho.

Frå komande måndag var det planlagt grønt nivå på alle skular og barnehagar i Vanylven. På grunn av smitteutbrotet vil Åheim skule og barnehage halde fram på gult nivå.

Kommuneoverlegen ber om at ein ved ein eventuell positiv hurtigtest, registrerer svaret på følgande lenkje.

To tilfelle

I tillegg kan ho opplyse om at det er meldt om to andre smittetilfelle i kommunen. Desse var allereie i karantene, og det er ingen fare for spreiing.

Kommentarer

Her er du velkomen til å debattere saka videre. Men tenk gjennom korleis du vil fram stå og kva uttrykk du brukar. Ein liten huskeregel: Ikkje skriv noko som du ikkje kunne ha ropt ut på torget med mange tilhøyrarar. Du må bruke fullt namn - falske profilar vert utestengt. Hald deg til saka, vis respekt og stor rausheit overfor andre. Trakassering, truslar og hatske meldingar slettast. Hald deg innanfor lova.
Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer