koronaball

Nye smittetilfelle knytt til utbrotet ved Åheim skule

Fredag kveld melder kommuneoverlegen i Vanylven om to nye smittetilfelle knytt til utbrotet ved Åheim skule.

Det var torsdag at kommuneoverlegen melde om tre smittetilfelle ved skulen på Åheim.

– Alle elevar på mellomtrinnet og ungdomstrinnet er bedt om å teste seg med hurtigtest. Elevane på småtrinnet bør teste seg ved symptom, opplyste kommuneoverlegen torsdag.

No er det altså avdekt to nye smittetilfelle knytt til desse.

Det eine av desse to nye tilfella er på mellomtrinnet, det andre på småtrinnet.

– For alle som har elevar på skulen, vert det vist til e-post frå rektor. Ein oppfordrar no til at alle på småtrinnet også hentar testar søndag, for testing av borna før skulestart måndag, skriv ho.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer