Skjermbilde frå varsom.no
Skjermbilde frå varsom.no

Melder om svært kraftige vindkast søndag

Meteorologisk institutt melder om svært kraftige vindkast utover søndag ettermiddag i Møre og Romsdal.

– Søndag ettermiddag er det venta ein auke til vestleg full storm 25 m/s, seint på kvelden kortvarig sterk storm på kysten, dreiande nordvest om kvelden. Det ventast lokalt svært kraftige vindkast på 30-40 m/s, på kysten 40-43 m/s. Den kraftigaste vinden er venta først i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag, seint søndag kveld og natt til måndag også i Nord-Trøndelag. Måndag morgon vil faren avta, skriv Meteorologisk institutt.

Dei skriv vidare at gjenstandar kan verte tekne av vinden og at det er fare for skade på hus og infrastruktur. Andre konsekvensar kan bli kansellerte ferjeavgangar, stengde bruer og tap av straumforsyning.

Har du informasjon om lokale konsekvensar av uvêret? Tips oss.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer