Rådhus
FOTO: Arkiv

Ekstremvêret Gyda

Ordføraren: Kommunale tenester er i beredskap

Ordførar Lena Landsverk Sande kan melde at kriseleiinga i kommunen har hatt møte for å gå gjennom korleis ein har førebudd seg på Gyda sine herjingar, for å få fram i fellesskap kva hendingar som har vore så langt, og samtidig sjå kva ein må vere førebudde på.

– I følgje vêrmeldingane, så vert Vanylven meir skåna enn mange andre kommunar i nært omland. Heldigvis er ikkje vinden så sterk, og blir det heller ikkje i følgje meldingane per no. Likevel er det enorme mengder med vatn som kjem ned, og vi må vere merksame på at bekkar renn over, at elvar kan finne alternative løp, at kjellarar får inn vatn, og at ein del innbyggarar kan verte engstelege for moglege konsekvensar, skriv Landsverk Sande på Facebook torsdag ettermiddag.

Samtidig legg ho til at kommunale tenester og politi er i beredskap.

– Politiet er per no avventande i høve situasjonen i Vanylven. Skulle du kome på ein veg som er fløymd over, så ring Politiet på 02800 for å varsle, så er du med på å sikre at ikkje nokon vert skadde som følgje av vatnet. Ver varsame når de køyrer bil, om de må ut på vegane i dag. Vassplaning kan ein unngå ved å ta det med ro undervegs, og det må ein tenkje på heile tida når ein er i bil no, skriv ho.

Ho melder også om eit par vasslekkasjar i kommunale bygg, og der er vassinntrenging i kjellaren på Åheim skule.

– Vaktmeistrane har kontroll, og melder om små skadar. Dette er ikkje i områder der borna oppheld seg. Vi tek ingen risiko når det gjeld liv og helse. Vi har hatt entreprenør til å grave tett på Syvdetun, for å sikre at vatn ikkje går inn i bygningane der. Straumstansen i Syvde i går kveld vart raskt ordna, og vi vonar vi er heldige å unngår fleire episodar der straumen forsvinn. Kommunal veg i Nordvika er stengt, men der er alternativ veg som kan nyttast. I Hånesbakkane har kommunen ordna ei tett stikkrenne. Nærare reparasjon lyt ein ta når vi er tilbake til normale tilhøve. Vaktmeistrane er i full beredskap, og melder elles at situasjonen langs kommunale vegar er under kontroll epr no, skriv ho.

Elles kan ho også informere om at Røde Kors har auka beredskapen sin, men at dei per no held seg i ro.

– Dei har tilgang på VHF-samband i fall vi skulle få vanskar med naudnettet. Kommunen har også fleire alternative løysingar for kontakt med omverda. Minner også om at Røde Kors har ei god besøksteneste, så i staden for å reise langveges for å sjå til dine, så tips Røde Kors. Om dei har nokon som er i nærleiken av dei du tenkjer på, så kan det vere at dei kan kike innom, eventuelt tipse om nære naboar som kan gå over vegen. Ber igjen om at ingen tek laust for langkøyring, om det ikkje er heilt naudsynt. Snakk heller med nokon i nærleiken, som kan kike innom ein god nabo ved behov. Førebels ikkje meldt om stengde ferjesamband. Vi vonar vi får raskt varsel om det vert vanskar med buss eller ferje, slik at det ikkje vert utfordringar med å få born heim frå skule.
Det er meldt verre vêr utover dagen i dag og litt utpå morgondagen, så ver budde på å sjå til korleis det står til der du er, og meld frå om du ser fare på ferde, skriv Landsverk Sande.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer