Alle tilfella er knytt til tidlegare melde tilfelle, og vedkomande er sett i isolasjon.
Samtidig kjem kommuneoverlegen med ein oppfordring om å vaksinere seg.
– Det begynner å haste med å få vaksinert flest mogleg, då også Vanylven vil måtte forvente auka smittetrykk i tida framover. I særleg grad ber vi dei over 65 år som enno ikkje har tatt tredje dose, om å møte opp. Tredje dose har vist seg å gi god effekt mot alvorleg sjukdom, skriv Oppedal.