Rykte ut for å kontrollere objekt i sjøen – var eit juletre

Like før halv 12 måndag føremiddag rykte Vanylven brann og redning ut med hamnebåten frå Fiskå for kontroll av eit objekt i sjøen ved Grøtholmen.

Litt før klokka 12.00 måndag kunne 110-sentralen i Møre og Romsdal opplyse til Synste Møre at objektet var eit juletre.

Brannsjef John Sindre Kragset fortel at det gjekk i underkant av 15 minutt frå meldinga kom, til juletreet var i båten.

– Det viser at beredskapen på sjøen er veldig bra i Vanylven, seier Kragset.

Han legg til at det er bra at folk melder frå om objekt i sjøen.

– Det såg faktisk ut som ein kantra båt på avstand, så vi skjønner godt at det blir ringt inn på slik, seier han.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer