koronaball

To nye smittetilfelle

Fredag kveld melder kommuneoverlegen i Vanylven om to nye smittetilfelle i kommunen.

– Det vart seint torsdag kveld meldt om ein ny positiv. Vedkomande var allereie i karantene, og det vart ingen ny karantenesetting som følgje av denne positive, skriv kommuneoverlegen.

Samtidig vart det fredag meldt om eitt smittetilfelle med to positive hurtigtestar.

– Vedkomande er sett i isolasjon, og nærkontaktar i karantene. Desse har testa seg med hurtigtest, og bli forøvrig testa med PCR-test måndag, skriv kommuneoverlegen.

Samtidig opplyser ho om at første prøvesett til dei som var i nærkontakt med smittetilfellet på legekontoret tidlegare i veka, er kome attende negative.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer