Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto. FOTO: Tanja Anett Thunem

Bil av vegen på Skorge – ung bilførar sendt til sjukehus for sjekk

Politiet melder torsdag at ein bil har køyrd av vegen på Skorge.

Naudetatane har rykt ut til staden.

– Ein bil har køyrd av vegen og snurra rundt på fylkesveg 620 like ved avkøyringa mot Stadlandet. Ein person involvert. Framstår ikkje som alvorleg skadd, skriv politiet på Twitter litt etter klokka 13.00.

Møre og Romsdal 110 melder rundt klokka 13.30 at føraren er ute av bilen.

I ei oppdatering like etter klokka 14.00 melder politiet at vegen er open og at førar er sendt for sjekk.

– Ung bilførar er frakta til sjukehus for undersøking og eventuell behandling. Det er ikkje opplyst om alvorleg personskade. Vegen er open for normal trafikk. Vi venter på berging, skriv politiet.

Kommentarer

Her er du velkomen til å debattere saka videre. Men tenk gjennom korleis du vil fram stå og kva uttrykk du brukar. Ein liten huskeregel: Ikkje skriv noko som du ikkje kunne ha ropt ut på torget med mange tilhøyrarar. Du må bruke fullt namn - falske profilar vert utestengt. Hald deg til saka, vis respekt og stor rausheit overfor andre. Trakassering, truslar og hatske meldingar slettast. Hald deg innanfor lova.
Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer