Statsminister Jonas Gahr Støre la måndag kveld fram nye smitteverntiltak.
Statsminister Jonas Gahr Støre la måndag kveld fram nye smitteverntiltak. FOTO: Skjermbilde frå regjeringa.no

Nye koronatiltak i fire veker

Måndag kveld melde regjeringa at dei innfører nye nasjonale smitteverntiltak for å ikkje overbelaste helse- og omsorgstenesta og beskytte kritiske samfunnsfunksjonar. Det vert strengare reglar for arrangement og uteliv for vaksne, i kulturlivet og for organiserte fritidsaktivitetar.

– Vi gjer dette fordi det er situasjonar som er forbunde med ein høg smitterisiko og der mange kan verte smitta på kort tid, sa helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol under ein pressekonferanse måndag kveld.

Alle barne- og ungdomsskular og barnehagar skal drivast på gult nivå frå seinast torsdag 16. desember. Videregåande skular og vaksenopplæring skal ha raudt nivå. Skular og barnehagar må sørge for å ha beredskap for rask overgang til raudt nivå.

Alle dei nye tiltaka, som alle gjeld i fire veker, finn du her (ekstern lenkje). Av nye tiltak finn vi mellom anna:

  • Skjenkestopp hos serveringsstadar og på arrangement med skjenkeløyve, inne og ute.
  • Maksimalt 20 personar på offentlege innandørs arrangement utan faste tilviste sitjeplassar og 50 personar ved bruk av slike sitjeplassar.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer