koronaball

Sju nye smittetilfelle tysdag kveld

Tysdag kveld er det meldt om sju nye smittetilfelle, mellom anna ein elev ved Fiskå skule.

Alle sju er stadfesta med PCR-test. Smittesporing er gjennomført etter gjeldande retningsliner. Det blei tatt totalt 95 PCR-prøver måndag, og ein ventar svar her tysdag.
Smitteveg er kjent hos samtlege.

– Ein av dei positive er elev ved Fiskå skule. Foreldra i den aktuelle klassa er kontakta med råd om korleis ein skal forholde seg til det, skriv kommuneoverlegen.

Tysdag er det gjennomført 166 testar.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer