Statsminister Jonas Gahr Støre orienterte om dei nye tiltaka tysdag kveld.
Statsminister Jonas Gahr Støre orienterte om dei nye tiltaka tysdag kveld. FOTO: Skjermbilde frå regjeringa.no

Regjeringa innfører nye koronatiltak

Under ein pressekonferanse tysdag kveld informerte regjeringa om nye koronatiltak som følgje av meir koronasmitte i samfunnet.

– Vi skulle inderleg gjerne vore ferdig med pandemien. No er situasjonen likevel så alvorleg at vi må setje inn nye tiltak for å bevare kontrollen. Derfor vert det ei annleis julehøgtid også i år. Faren for ein overbelasta helseteneste og spreiing av det mer smittsame omikron-viruset gjer det nødvendig med nye, strenge tiltak for å redusere sosial kontakt i samfunnet, sa statsminister Jonas Gahr Støre tysdag kveld.

Dei nye tilrådingane og påboda gjeld frå midnatt natt til torsdag 9. desember og gjeld i første omgang i fire veker. Av dei nye tilrådingane, gjeld mellom anna:

  • Alle bør halde 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemmar og tilsvarande nære.
  • Anbefalinga gjeld ikkje barn i barnehagar og barneskular. Det er også unntak for vaksne som jobbar med tenester for barn og unge og sårbare grupper.
  • Ein bør ikkje ha fleire enn 10 gjestar heime ut over eigen husstand. Ein kan ha inntil 20 gjestar ein gong i løpet av jule- og nyttårshøgtida, men det bør vere ein meters avstand mellom gjestane. Alle må tenke gjennom kor mange nærkontaktar ein har samla sett.
  • Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort/klasse/avdeling sjølv om det overstig anbefalt tal gjestar.
  • Reduser talet nærkontaktar, men ikkje isoler deg.
  • Treff andre utandørs når det er mogleg.

Forskriftsmessige tiltak

Det er også innført forskriftsmessige tiltak, mellom anna:

  • Maksimalt 20 personar på privat samankomst på offentleg stad, i lånte eller leigde lokale
  • Minnestund etter gravferd kan ha maksimalt 50 personar. Sjølve gravferda vert rekna som eit offentleg arrangement med faste tilviste sitjeplassar, sjå nedanfor.
  • 3 x kohortar av 200 personar med 2 meter avstand mellom kohortane heile tida på offentlege arrangement med faste tilviste sitjeplassar.
  • Maksimalt 50 personar på offentlege arrangement utan faste tilviste sitjeplassar.
  • Påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand.

Sjå alle nye tilrådingar og tiltak her.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer