koronaball

Fire nye smittetilfelle – ber dei som har vore desse plassane om å teste seg

Kommuneoverlege Cecilie Oppedal melder måndag kveld om fire nye smittetilfelle.

– Det er i ettermiddag meldt om eitt nytt smittetilfelle stadfesta med PCR-test. Det er i dag også meldt om tre andre som har fått positiv hurtigtest. Desse har teke PCR-test i dag, skriv Oppedal.

Samtidig oppfordrar ho personar som har vore på følgande arrangement om å teste seg med PCR:

  • Lys våken i Åram kyrkje 28. november
  • Lysmesse i Slagnes kyrkje 28. november
  • Julekorøving på Åram 30. november
  • Frendar-øving 1. desember
  • Gravferd på Åram 3. desember

– Å teste seg er særleg viktig ved milde symptom, skriv Oppedal.

Ho legg til at dei ser at folk helst brukar c19.no for å bestille test. Dei som ønskjer hurtigtest allereie i kveld (måndag, journ.mrk.), kan hente dette mellom klokka 21 og 22 på parkeringsplassen på grendastova på Åram. Her ber kommuneoverlegen om at ein vert sittande i bilen.

– Hugs at hurtigtest ikkje er ein god erstatning for PCR, men at det kan gje ein indikasjon på smitte, skriv Oppedal.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer