Syvde barnehage
Syvde barnehage FOTO: Arkiv

Eitt smittetilfelle påvist i Syvde barnehage – organiserer testing laurdag

Fredag kveld melder kommuneoverlege Cecilie Oppedal om eit påvist tilfelle med korona blant dei tilsette i Syvde barnehage.

– Det vil bli organisert testing i morgon (laurdag, red.mrk.) av dei tilsette, og vi oppfordrar også til at barn i barnehagen testar seg (eventuelt også foreldre). Teststasjonen opnar klokka 09.00, og det er opna for bestilling på c19.no, skriv Oppedal.

Ordførar Lena Landsverk Sande oppfordrar på Facebook alle som har tette band til nokon i Syvde barnehage om å teste seg.

– Oppmodar om at alle med tett forhold til nokon i Syvde barnehage denne veka tingar time til testing snarast råd. Du kan tinge time på nettet på c19.no. Vår fantastiske testgjeng stiller opp i helga for å hjelpe til med rask og effektiv prøvetaking, skriv Landsverk Sande.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer