vaksine foto fhi
FOTO: FHI

Planlegg for massevaksinasjon på ungdomshuset

Vanylven kommune planlegg massevaksinasjon på Fiskå ungdomshus torsdag neste veke.

Synste Møre får opplyst at dei gjer dette for å kome raskare nedover listene med dei som skal ha tredje dose.

Her tilbyr kommunen oppfriskningsdose til alle over 65 år. I tillegg skal personar over 18 år og eldre med underliggande medisinske helsetilstandar som gir høg risiko for alvorleg forløp av Covid-19, også få ein oppfriskningsdose.

– Desse skal ha fått brev frå oppfølgande sjukehus om dose tre, skriv Oppedal til oss.

Intervallet for dei over 65 år skal vere minst fem månader frå dose nummer to. Dei som allereie har fått vaksinetime denne dagen, skal altså møte opp på ungdomshuset.

Kommentarer

Her er du velkomen til å debattere saka videre. Men tenk gjennom korleis du vil fram stå og kva uttrykk du brukar. Ein liten huskeregel: Ikkje skriv noko som du ikkje kunne ha ropt ut på torget med mange tilhøyrarar. Du må bruke fullt namn - falske profilar vert utestengt. Hald deg til saka, vis respekt og stor rausheit overfor andre. Trakassering, truslar og hatske meldingar slettast. Hald deg innanfor lova.

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer