KART: Kartet viser offentleg tilgjengelege hjertestartarar i Vanylven registrerte på 113.no måndag.
KART: Kartet viser offentleg tilgjengelege hjertestartarar i Vanylven registrerte på 113.no måndag.

Tryggast for hjertet i Syvde

Hjertestartar har vorte eit vanleg utplassert hjelpemiddel i bygdene, men treng oppdatering både av batteri og informasjon.

For nokre år tilbake lagde avisa ei sak om hjertestartarar i kommunen og kvar vi finn desse. Dei som det er offentleg tilgang på skal vere registrerte i 113.no sitt hjertestartarregister, der ein finn informasjon om plassering og tilgang. Det var den gongen tretten registrerte slike startarar. 

Går vi inn på kartet i dag, finn vi ti registrerte startarar rundt i kommunen. Med eit aktivt Røde Kors er flest av desse å finne i Syvdeområdet, med to i sentrum, ein på Røfsdalssætra og ein i Nordalen, samt ein registrert på Eidsåtun. Vi ser at det på Fiskå og Åheim ikkje er registrert startarar i det heile, og nokre av dei som var på lista sist, til dømes på Åram, i Sørbrandal og ved Mowi sine anlegg ikkje er med på lista. 

Vi trur nok fleire av desse er der og er aktive framleis, men kanskje må det gjerast ein innsats med oppgradering av batteri og registrering av informasjon slik at alle kan vite kvar startarane er å finne om uhellet er ute. Dette skal gjerast kvar sjette månad, slik at lista til ein kvar tid er reell. Og sjølv om redningsmannskap i Vanylven fort vil vere på plass med utstyr, lar vi oppmodinga gå vidare om at alle som har tilgjengelege startarar går over desse og får dei lagt inn i registeret for tryggleiken si skuld.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer