Testing

Mykje smitte kring Vanylven:

Kommuneoverlegen ber folk teste seg ved symptom

Torsdag kveld gjekk kommuneoverlege Cecilie Oppedal ut med ei påminning om å la seg teste ved symptom på Covid-19.

– Det er ein del smitte i nabokommunane våre. Testaktiviteten i vår kommune er svært låg, sjølv om det er høg grad av infeksjonsbyrde i befolkninga. Minner om at det framleis er viktig å la seg teste ved symptom på luftvegsinfeksjon. Bestill på c19.no eller på 70030109. Legekontoret har også testar tilgjengeleg for heimetesting, skriv Oppedal på Facebook.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer