Rådhus
FOTO: Arkiv

Informasjon angåande privat testing for koronasertifikat i Syvde

Pressemelding frå Vanylven kommune ved kommunedirektøren.

Vi har i dag ein privat teststasjon i Syvde som tilbyr gratis testing for koronasertifikat – dette sertifikatet er gyldig i 24 timar og kan berre nyttast i følgjande samanhengar:

  • arrangement, der det er krav om koronasertifikat
  • ved innlands- og utlandsreiser med krav med koronasertifikat

Dei som er fullvaksinert har allereie koronasertifikat, og har difor ikkje behov eller rett til gratis testing på den private teststasjonen i Syvde.

Vidare vil vi understreke at dette ikkje er ein kommunal teststasjon, og at du må bestille test c19.no eller kontakte kommunen på 70 03 01 09 for testing dersom du:

  • har symptom på luftvegsinfeksjon eller mistenker at du kan vere smitta
  • er i karantene
  • har vore i nærkontakt med koronasmitta
  • har vore i kontakt med kommunalt smittesporingsteam

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer