koronaball

Kommuneoverlegen melder om 12 nye smittetilfelle – ber folk ha låg terskel for testing

Søndag kveld melder kommuneoverlege Cecilie Oppedal om tolv nye smittetilfelle knytt til utbrotet ved Hofseth. Dei tolv tilfella kjem etter at personar som testa negativt i første runde med testing, no testa positivt ved test nummer to.

– I kveld har vi gjennomført 51 testar, både hurtigtestar og PCR. Tolv nye positive er avdekt ved hurtigtest. Totalt tal smitta knytt til utbrotet er no 54. Testane er på veg til Molde no i kveld for å få raskt svar på PCR-testane, skriv Oppedal i ei tekstmelding til Synste Møre.

PCR-testing er eit sikkerheitstiltak då ein ser at nokre av hurtigtestane kan vere falske negative.

– Utbrotet held seg innan det same miljøet, og ein har ikkje funne noko smittebru ut i lokalsamfunnet per no, melder Oppedal.

Likevel bør ein vere obs ved symptom.

– Det har i løpet av dei siste dagane vore mange som har teke kontakt grunna mogleg smitteeksponering i nabokommunane våre. Det har vore konfirmasjonar i helga, og eg ber folk om  å ha låg terskel for testing. Det er ekstra viktig no, skriv Oppedal.

Dei tolv nye smitta personane sit allereie i karantene.

Kommentarer

Her er du velkomen til å debattere saka videre. Men tenk gjennom korleis du vil fram stå og kva uttrykk du brukar. Ein liten huskeregel: Ikkje skriv noko som du ikkje kunne ha ropt ut på torget med mange tilhøyrarar. Du må bruke fullt namn - falske profilar vert utestengt. Hald deg til saka, vis respekt og stor rausheit overfor andre. Trakassering, truslar og hatske meldingar slettast. Hald deg innanfor lova.
Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer