Myklebust skule
Myklebust skule FOTO: Tanja Anett Thunem

Foreldre ved Myklebust skule:

Appell til administrasjonen og det politiske miljøet i Vanylven kommune 

Dette lesarinnlegget er skrive av:

Foreldre ved Myklebust skule

Dei siste åra har foreldre frå mesteparten av kommuna stått side om side i hallen på Eidså, med 1 meters avstand sjølvsagt, og sett på ungane våre som har spelt fotball i lag og snakka om kor kjekt det er at alle får vere i lag. Kor det er på høg tid å samle skulane. Folketalsutviklinga gjer oss modne til det! Men ikkje for ein kvar pris. Det trengs ein stødig plan, tufta på tillitsvekkande føresetnadar om kva som er det beste for ungane. 

Ja, smått for dei minste – stort for dei større. Vi kan alle vere samde i det. 

Men i det opplevde fråværet av det openbare bygget der ungdomsskulen kan samlast, oppstår det tydelegvis mykje kreativitet. (Merknad: mange av oss passerar dagleg eit stort tomt bygg, faktisk av dei nyaste skulebygningane i Vanylven kommune. Nei, det er ikkje perfekt, men det står klart og med små grep kan tilstrekkeleg uteareal utviklast. Bygg tak over parkeringsplassen? Urban skuleplass har også sine verdiar. Gymsal og basseng i gåavstand. Og bibliotek på taket!) 

For ungdomsskulen er meir enn bygningsmasse, det er åstaden for sjølvaste ungdomsåra. Det er her dei skal finne nye relasjonar, der dei møter nye medelevar og dannar nye, vonleg livslange vennskap. Dei skal erfare at skulegarden er ein enorm arena for sosial utvikling og meistring. Det er nokre krikar som høver best om du vil trekke deg litt tilbake, andre om du vil synast for alle. Ein plass for aktivitet, ein plass for tøys og kreativitet, ein plass for intense samtalar berre unge mennesker som nyleg har entra tenåra vil kunne forstå. Og det tek 3 år å forstå kodene, finne ut kven du vil vere, når du tek steget vidare ut i verden. Trur de at desse langvarige sosialiseringsprosessane bør starte på nytt kvar haust? Dei treng stabilitet. 

Vanylven kommune har sidan 2017 hatt tilsett ein eigen ressurs som skal hjelpe dei som fell utanfrå. Allereie då var det eit stort tal elevar som falt utanfrå og ikkje kom seg inn i utdanning eller arbeidslivet. Sidan 2017 er den lokale vidaregåande skulen lagt ned og dei aller fleste av elevane må no flytte på hybel når dei er 15-16 år. 

Med det framlegget til vedtak de har på bordet i dag vil de sørge for ubalanse i dei siste åra dei bur heime. Er det slik behandling dei skal ha ferskt i minnet når dei skal ut å hente utdanning? Vil slik veikskap for å gjere eit faktisk val gjere det innbydande å vende tilbake til heimtraktene i vaksen alder?

Ja til felles skule, midt i kommunen, som alle bygdene tek eigarskap til. Nytt basseng og eit skulebygg med fokus på innhaldet, læring og livsmeistring. 

De sit med ansvar, de har moglegheit til å investere i framtida, men risikerer å rive den i fillebitar.

Lykke til med avstemminga, med von om styrkje til å stå i eit ekte vegval.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer