Åheim skule
Åheim skule FOTO: Arkiv

FAU ved Åheim skule:

– Vi treng mykje lengre tid til å avgjere ei så viktig sak

Desse innspela kom inn til Vanylven kommune etter ein gjennomgang av dei ulike modellane av barnehage-og skulebruksplan i juni i år, og saka i formannskapet 31. august.

Innspelet er skrive av:

FAU Åheim skule v/ Eva Y. Vikebakk

Vi treng mykje lengre tid til å avgjere ei så viktig sak. Det nye forslaget frå kommunedirektøren kom bardust på dei fleste. Ein treng meir tid til å finne ut kva vil dette koste, ein treng meir tid til å diskutere for og imot kva konsekvensar ei eventuell omlegging av skulestrukturen vil bety. Ein snakkar om ein ny skule fram i tid, då må ein rekne ein fleirbrukshall og eit nytt symjeanlegg også inn i dette, har vi råd til dette? Ein må rekne med ein god del avskaling og fråflytting viss ein skal ha ein ny, stor, sentralskule. Vert det igjen mange nok skattebetalarar som vil betale for ei så stor investering?

FAU for Åheim skule ser både fordelar og ulemper ved å samle og slå i hop skulane. I utgangspunktet ynskjer vi å behalde barnehagen og barneskulen (1-7 trinn).Svært mange ynskjer også å behalde ungdomsskulen i bygda. Det er mange unge par som har flytta tilbake til sørlegaste delen av kommuna, dette heng m.a saman med at det er i ferd med å verte fleire unge på hjørnesteinsbedrifta Sibelco, det ser ut som det vert fødde ganske mange born i Åheimsområdet i år.

Om det skulle bli aktuelt med prøveprosjekt på ungdomskulen, så burde prøveperioden vore delt meir rettferdig. Det bør då vere to år på Åheim og to år på Myklebust. Det første året kan vere ekstra utfordrande, difor vert det feil at elevane skal gå eitt år på ein skule og to år på den andre skulen. Vi på Åheim tykkjer vi har det beste uteområdet, det er mykje bygd på dugnad av foreldra. Vi har fleirbrukshall og kunstgrasbane med løpebane og lengdegrop. Bassenget og garderobene som høyrer til er betre halde vedlike her enn på Myklebust, gymsalen er under renovering, vi har skulebibliotek og klasserom som nyleg er vorte mala om.

Vi er spent på korleis prøveperioden ved ungdomsskulane skal gjennomførast i praksis, spørsmål vi ynskjer svar på:

  • Kontinuitet både for elevane og undervisninga?
  • Kva er målet for evalueringa- kven skal evaluere, kva skal målast i ei slik prøveperiode?
  • Kva skal vere kriterium for evalueringa?

Innspelet er skrive av;

Ungdomsskuleteamet på Åheim skule (Ottar Sande, Torunn Dalsbø, Kristian Bentsen, Marte Myklebust og Geir Nielsen),  1. juni 2021:

“Alternativ 0” Vi tykkjer det er merkeleg å kalle eitt av alternativa for “null”, og signalisere at dette eigentleg ikkje er eit alternativ. Slik vi ser det, er dette eit alternativ for framtida:

  • Ynskjer vi å legge til rette for tilflytting og vekst, er skule i bygda avgjerande. No er det faktisk mange unge barnefamiliar som har flytta tilbake til sørlegaste luten av Vanylven, dei ynskjer det same, gode tilbodet som dei hadde i bygda då dei vaks opp, det vert feil å “belønne” dei med nedbygging når dei har valt å etablere seg her.
  • Ynskjer vi at ungdommen vår skal flytte tilbake til bygda si etter fullført utdanning, er tilknyting til lokalmiljøet avgjerande.
  • Ynskjer vi trygge oppvekstmiljø utan mobbing, er mindre elevgrupper/skular oftast betre ein større klassar/skular. “Stykkprisen” per elev vert kanskje høgare med denne modellen, men vi trur likevel at å behalde skulestrukturen som i dag, vil løne seg i lengda, fleire vil då flytte tilbake til heimbygda si og dei som alt er her kan verte verande.

Framlegg til fleire alternativ:

  • Flytte krinsgrensa i Syltefjorden slik at alle i skulepliktig alder i denne bygda går på skule på Åheim. Elles behalde skulestrukturen som i dag. Fordelar: – Ungdom som bur i same bygd vil knyte band til kvarandre; slik er det ikkje i dag. – Ein nyttar seg av eksisterande bygningsmasse. – Ein vil få litt mindre (og kanskje tryggare?) elevgrupper i Syvde, og litt større elevgrupper på Åheim.
  • Flexiløysing: Ein flyttar ikkje på trinn/legg ikkje ned skular, men er fleksible i forhold til kva skule dei eldste elevane går på i år med svært små kull på den eine eller andre skulen. · Flytte 5.-7. klasse til Åheim og ungdomsskulen til Syvde, eller omvendt.

Moment som bør vektleggast i debatten:

  • Uteanlegget ved Åheim skule er det beste vi har i kommunen.
  • Åheim skule ligg nær fleirbrukshallen Olivinhallen, dette er einaste fleirbrukshallen i Vanylven.
  • Ungdomsskuleelevane våre har særs gode resultat, og gir uttrykk for at dei trivst på skulen.
  • Åheimselevane scorar høgt på trivsel i Elevundersøkinga. Dette harmonerer ikkje heilt med prinsippet som seier at elevane ynskjer seg eit større miljø, og vi stiller spørjeteikn ved om dette er eit prinsipp som er representativt for elevane på Åheim. Vi prioriterer aktivitetar som fremjar trivsel på skulen, vi har musikal, ulike ekskursjonar og opplegg i ulike fag, dette er ofte lettare å få til med litt mindre elevgrupper.
  • Transport til og frå ein skule langt av garde er ikkje vurdert skikkeleg av KS sine konsulentar, tur- retur Sundalen og Almklovdalen vil bety at elevane vil måtte sitje i buss minst ein time for dag, dette vil gå utover fritida og helsa til elevane og det er ikkje rett å utsette dei unge for dette i tre år. Elevar som har pendla til vidaregåande i eitt år er lei og slitne, skal dei gjere dette i tre år vil ikkje foreldra akseptere dette og dei vil til slutt flytte frå kommunen.
  • Pedagogar m.a frå Nordfjord med høg kompetanse, har ikkje høve til å pendle til ein eventuell ungdomsskule lenger nord i kommunen, dermed misser ein denne kompetansen.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

2 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer
Lille Rovde, Sigrun Refvik
Lille Rovde, Sigrun Refvik
2 år siden

Ser her at lærerne på Åheim har ei særs dårlig holdning til Syvde skule.

Ved å flytte krinsgrensa i Sylte så det kjem fleire elever inn til Åheim skule så det skal bli eit mindre og tryggere miljø for elevene i Syvde?

Kvifor gir dåkke inntrykk av at elevene på Syvde skule har det så forferdelig i forhold til på Åheim?

Kom gjerne med ei forklaring og presisering av dette.

Sigrun Iren Refvik Lille-Rovde

Kurt Frode Aahjem
Kurt Frode Aahjem
2 år siden

«Flytte krinsgrensa» er berre eit uheldig bruk av ord. Vi på Sylte har ikkje krinsgrense sidan den vart oppheva av eit tidlegare feilgrep av kommunestyret.
Ordet som burde vore brukt er å gjenopprette krinsgrensa slik den var før Sylte skule vart lagt ned. At ungane her i bygda går på forskjellige skular er ikkje noko anna enn trist.