Åheim barnehage
Åheim barnehage FOTO: Arkiv

Åheim barnehage:

– Vi treng levande bygder: Det ser ut som det er ein trend å flytte heim. Då må her vere barnehage og skule

Desse innspela kom inn til Vanylven kommune etter ein gjennomgang av dei ulike modellane av barnehage-og skulebruksplan i juni i år, og saka i formannskapet 31. august.

Innspelet er skrive av;

Foreldregruppa i Åheim barnehage,  6. juni 2021:

Foreldregruppa i Åheim barnehage ynskjer å behalde skule- og barnehagestrukturen som han no er, men legg særleg vekt på dei yngste gruppene: barnehage, småskule og mellomtrinn. Små grupper/klasser er inga ulempe medan borna er små, tvert om, gjev det tryggleik og større moglegheiter for utvikling og oppfølging. Det gjev også dei tilsette større handlingsrom ved læring gjennom leik og/eller prosjektarbeid. Slik får dei små ein trygg og god start på eit langt barnehage- og skuleløp, som er av enormt stor betydning. Ein kan ikkje la økonomi stå i vegen for å skape eit godt og trygt læringsmiljø for dei små – i sine lokalmiljø.

_ _ _

Innspelet er skrive av;

Åheim barnehage,  6. juni 2021:

Vi har følgande Kommentarar til modellane som er framlagt:

Modell 0: Som i dag;

Dette er det vi ynskjer å beholde, sjølvom det kostar. Kvaliteten i dagens barnehage og skule er svært bra, det viser alle målepunkt. Vi treng levande bygder: Det ser ut som det er ein trend å flytte heim. Då må her vere barnehage og skule. Og HUS til utleige/sal! Dei som ringer og etterspør plass i barnehagen når dei vurderar å flytte hit, spør alltid om det er 1-10 skule i bygda, så det er viktig for tilflytting. Jfr. Også Sibelco sin sjef sin uttale i høve rekruttering til Sibelco. Bør ein prøve å auke inntekt til kommunen i staden for å legge ned tjenestar; bergverkskatt el eigedomskatt?

Modell 1:
Ein ungdomskule 8-10 klasse i Syvde eller Åheim. 1-7 kl. + barnehage i alle bygder.

For lang avstand og for lang reiseveg (uansett kven som må reise) og vegen er altfor dårleg!!! Med så mange ulykker langs Bøstranda/Syltefjorden er det ikkje nokon som har lyst å sette barna sine på ein buss langs vegen her. Uttale frå tidlegare elevar som pendla frå Åheim til vidaregåande i Syvde seier at det var langt og slitsomt med den bussen –og det var rikeleg nok med eitt år på den bussen (–nokre frå Dalane fekk seg endå til hybel I Syvde/nedpå Åheim). Kvifor er ikkje Fiskå eit alternativ med 8-10 trinn? Dette kunne vere akseptabel reiseveg for alle i kommunen? Men vegen i Bøstranda må først utbetrast!

Modell 2:
Ein storskule 5-10 klasse Åheim eller Syvde. 1-4 kl. + barnehage i alle bygder.
Endå verre enn modell 1: Dette er ikkje eit alternativ!!! Ein 10 åring er ikkje moden for dette! For lang reiseveg uansett kven som må flytte skule. På for usikker veg. I tillegg ville dei små miljøa som vert igjen 1-4 klasse vere lite gjevande både for elevar og tilsette. Lite attraktiv arbeidsplass. Særs dårleg forslag og slettes ikkje eit alternativ. Dette gjev garantert ikkje tilflytting til Vanylven, heller motsatt.

Modell 3:
Ein storskule 5-10 klasse på Fiskå. 1-4 kl. + barnehage evt. oppvekstsenter i alle bygder:

Som modell to, men med litt mindre reisetid. Ein 10 åring er for liten for også såpass lang reiseveg, og ikkje moden for skulebyte. Dårleg veg. Vi er ikkje for oppvekstsenter. Jf. Kommentar under. Lite attraktivt med 1-4 for både barn og tilsette. Slår i hel eigen argumentasjon ang. kvalitet og tilsette med god/nok kompetanse.

Modell 4:
Ein 1-10 skule på Fiskå el Eidså.

Kor uttrygge ungar (og foreldre) vil ein ha???!!! Å sende så små barn på buss er heilt uaktuelt! = dette vert garantert fråflytting frå Vanylven. Dusteforslag!

Forslag til fleire modellar:

Modell 5:
Ein ungdomskule på Fiskå 8-10 klasse. Barneskule 1-7 klasse og barnehage i alle bygder.

Truleg lite å spare på dette, og usikker på om det vil ha noko å seie for kvaliteten på tilbodet.

Modell 6:
1-10 skule i Syvde og på Åheim. Barnehage i alle bygder. Legge ned skulen på Fiskå.

Dette gir vel mest innsparing, då dette er skulen i dårlegaste fofatning. Elevane kjem til god kvalitet både på Åheim og i Syvde. For lang bussveg for dei minste. For farleg veg i Bøstranda!

Modell 7:
1-10. skule på Åheim og Fiskå. Barnehage i alle bygder. Legge ned Myklebust (evt 1-4 + barnehage i Syvde).

Unngår bussing i den farlege Bøstranda.

 

Generelt til alle modellane:

*Vi treng tilflytting. Då treng vi gode tilbod og levande bygder. Det trengs arbeidsplassar. Kommunen bør ikkje legge ned sine eigne arbeidsplassar i den tru at ein sparer pengar. *Kompetansen i Vanylvsbarnehagane og skulane er god. Det er liten/ingen mangel på utdanna tilsette. Mange unge tek lærarutdanning og ynskjer seg heim til Vanylven! Arbeidsplassane bør bestå så vi får tilflytting.

*Reisetid: Uakseptabel lang reisetid på dei fleste av modellane.

*Vegstandard: svært dårleg vegstandard! Vegen må utbetrast! Ein bør unngå bussing i den farlege Bøstranda. Evt. på tide med Syltefjordbru, sjølv om det er ulike meiningar om akkurat den ideen.

*«Smått for dei små og stort for dei store»; Ein 10-åring er for liten til å busse så langt, det må vere tidlegast frå 8. klasse. Vi meinar at det er tidsnok for ungdommane våre med ein kritisk overgong når dei må flytte på hybel som 15/16 åringar.

*Ved lang pendling til skule; fritidsaktivitetar på ettermiddag/kveld vert enten droppa fordi det vert formykje reising att og fram, evt vil nokon velje å ikkje fare heim og heller vente hos vener til aktivitet startar. Dette vil bety lite tid i heimen/lite familietid. Dei som ikkje har venner å vente hos, vil droppe ut? Slenge rundt medan dei ventar? Dei ressurssterke og sosialt sterke som vil vere vinnarane her.

*Koronatiltak siste året har vist oss at små einingar er flott i høve kohortinndeling og godt smittevern.

*Det er dei ressursterke og robuste elevane som vil takle lang busstur og overgong til ny skule. Kva med dei elevane som ikkje vil mestre dette? Skulevegring? Psykisk uhelse? Kva med dei som ikkje har foreldre som har høve til levere/hente ved vegring/sjukdom etc? Kva med dei barna som har spesielle behov/diagnoser og behov for tilrettelegging?

–Det er mange slags «kostnadar» som vil vere vanskelege å berekne i dette reknestykket.

Vi ynskjer å ha Åheim barnehage som eiga einig i eksisterande barnehagebygg. Å flytte Åheim barnehage til Åheim skule er ikkje gjort med enkle grep. Det må tilpassast mykje både ute og inne; Inne skal der vere eit stort leike og opphaldsareal –med ei rominndeling som er oversiktleg og likevel avskjerma. Kvart barn over 3 år har i følgje lova krav på 4 m2, under 3 år 5,33 m2 til leike og opphaldsareal (soverom, toalett, kjøkken, garderobe o.l. skal ikkje definerast som leike/oppholdsareal)

I tillegg til leik/oppholdsareal må der vere grov- og fingarderobe, høveleg soverom og stellerom, toalett tilpassa barn, kjøkken med alle fasilitetar (i høve lovkrav mattilsyn og miljøretta helsevern), vaskerom, pauserom (i umiddelbar nærleik, då vi må «trå til» ved behov på avdeling), personaltoalett/dusj. I tillegg eit uteareal som skal vere om lag 6 gangar større enn leike og opphaldsareal inne. Uteområdet på Åheim skule er ikkje tilpassa små barn! Her må gjerast ein stor jobb om dette skal høve til denne aldersgruppa, og den type leik og utfordringar desse treng.

Uteområdet på Åheim skule er svært innhaldsrikt og flott!, men våre små kan ikkje sleppast fritt der –desse leikeapperata er farlege for denne aldersgruppa (tarsanjungel, to høge klatretårn, turnapperatet er for høgt–ja sjølv vippa er altfor høg!). Uteplassen på skulen er ikkje innegjerda mot veg og omliggande område. Uteområdet dei minste skal nytte må også avskjermast til dei større barna, då desse har ein heilt anna type leik! Jf. Barnehagelov og «uteområde i barnehager og skoler –hvordan sikre kvalitet i utforminga» ISBN: 978-82-575-1659-8.

Dette vil truleg koste mykje. Vi lurer på kva kommunen vil spare på dette? Ved å flytte barnehagen til Åheim skule, tek de også frå barnehageborna høve til tur til fjell og fjøre. Frå Åheim skule vert avstanden til fjøre og fjell for stor for desse små. Dei som uttaler noko anna, må ta turane og prøvegå sjølv! Ved Åheim skule er det heller ikkje tilrettelagt for levering/henting. Kvar skal foreldra parkere? Kostaden ved ombygging og tilrettelegging vert stor.

Når det gjeld bygningsmasse og plassering av Åheim barnehage;

*Bygga er i forholdsvis god stand.

*plassering og uteområdet er i særklasse.

*Bygget er tilpassa barnehagedrift, og er siste åra oppgradert mykje; (påbygg begge yttergarderobene, nytt belegg på avdelingane, nytt ventilsjonsanlegg, soveskur er blitt isolert og lagt varmekablar i golv + ny ytterdør, ute står det ein nybygd gapahuk, med tilhøyrande utstyr som bålpanne m.m.,vi har også fått opp ei ny sklie, eit nytt vippedyr, ei vippe, eitt turn/svingapparat og ei stor sjørøvarskute –i tillegg til alt anna flott vi har på uteområdet).

*Vi har kort veg til fjell (Røvahammaren og Trollskogen) og fjøre.

*Vi har også eit innegjerda skogområde i tilknyting til uteområdet vårt, med eiga elv, lavvo med grue, klatretau mellom trea, og ein fin platting.

*Bygg og uteområde har gjort det enkelt å tilpasse kohortlivet i høve smitteverntiltaka vi står midt i.

Åheim barnehage er ein svært veldreven barnehage, både fagleg og økonomisk, og det er også Åheim skule. Kvaliteten viser igjen i gode resultat på brukar og medarbeidarundersøkingane, i tilsynsresultat og ikkje minst i trygge barn som trivast og utviklar seg.

Tidleg innsats krev trygge og gode rammer i eit trygt og godt og inkluderande miljø. Alle tiltak skal vere til barnet sitt beste! Vi meiner at å flytte barn til ny skule frå 5. klasse ikkje er innanfor barnet sitt beste. Barnet har rett til å velje sin nærskule! Viser elles til div. rapportar ang. oppvekstsenter, der dei fleste konkluderer med at å drive barnehage og skule adskilt er til det best for barnehagebarn. Med helsing Åheim barnehage.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer