Syvde barnehage
Syvde barnehage FOTO: Arkiv

Syvde barnehage:

– Vi ser at borna kan ha ein fordel med at barnehage og skule ligg så nær kvarandre

Desse innspela kom inn til Vanylven kommune etter ein gjennomgang av dei ulike modellane av barnehage-og skulebruksplan i juni i år, og saka i formannskapet 31. august.

Innspelet er skrive av;

FAU Syvde barnehage, (Lene Drabløs og Karen-Birthe Bjørlykke), 7. juni 2021:

I forbindelse med utredninga av ein hensiktsmessig barnehage- og skulesektor i Vanylven kommune vil vi uttale oss om Syvde barnehage. Barnehagen har god fagleg kompetanse, trygge og stabile vaksne. Den er ein forholdsvis liten barnehage med 2 barnegrupper/avdelingar.

Rapporten viser til at storleiken på barnehagen og organiseringa av den er viktige faktorar for at borna skal knytte gode relasjonar til dei vaksne. Vi som foreldre ser at dette er gjeldande i vår barnehage, borna er trygge på alle dei vaksne og har nære relasjonar til andre born på tvers av aldersgrupper. Dette på same tid som at det er mange nok born til at dei har muleghet til at dei kan velge sine nærmaste vener.

Foreldresamarbeid er også ein viktig faktor for trivsel og tryggleik, både for store og små. Sidan det er ein liten og oversiktleg barnehage føler vi at det er lav terskel for å kunne ta kontakt med personalet for å utveksle viktig informasjon vedrørande barnet. Sidan borna også alt går i barnehage med dei som dei skal gå på skule saman med, lettar det mykje overgangen frå barnehage til skule. Vi ser også at borna kan ha ein fordel med at barnehage og skule ligg så nær kvarandre, noko som gjer at dei får betre kjennskap til skulen, og skulen sitt nærmiljø.

Vi vil også vise til at her er eit barnetal i vekst i Syvde sin barnehagekrins, det vil seie Rovde, Syvde og Eidså. For å fortsette den positive trenden er vi heilt avhengig av å kunne tilby eit godt barnehagetilbud. Dette vil kunne sikre tilflytting til alle omkringliggande bygder for barnehagen. Vanylven kommune treng positiv omtale rundt barnehagane for å lokke til seg fleire småbarnsfamiliar. For å få til dette, treng ein god organisering, kompetent personale, nok barnehageplassar, eigna lokale og uteareal.

Slik vi ser det per i dag er det ønskeleg å behalde barnehagestrukturen slik den er. Vi har forståing for at Vanylven kommune sin økonomi tilseier at det må endringar til. Vi håpar og trur at politikarane ser viktigheta i å ta vare på dei små, trygge og gode forholda dei minste treng. Vi ser det som kanskje meir meiningsfullt å endre strukturen etterkvart som dei veks til og har meir behov for større miljø.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer