Illustrasjon lesarinnlegg

Ope brev til kommunepolitikarane i Vanylven

– Framtidsretta skulebruksplan, kallast dokumentet. Ironisk nok

Innlegget er skrive av:

Hilde Myklebust, vanylving og mor.

Vedrørande sak 117/21 Framtidsretta barnehage- og skulebruksplan for Vanylven kommune

Ikkje riv vekk framtidsvona vår

Like før skulestart for fyrsteklassingen vår denne hausten, var ho innlagt i ti dagar på barneavdelinga på Åse sjukehus med nyoppdaga diabetes type 1. Det har vore ei krevjande tid for familien, og ikkje minst for ein femåring som skal tilpasse seg ein ny kvardag både heime og på skulen. På sjukehuset snakka vi mykje med sjukepleiarar og legar om skulestarten som kom midt opp i det heile. Omkvedet var alltid det same: Kor heldig ho er som skal starte i ei klasse på åtte, på ein liten skule, der ho vert sett og de kan kjenne dykk trygge. Eg var så hjartans einig. Så hjartans takksam for at ho skulle starte i fyrste klasse på Åheim skule. At vi bur her vi bur. 

Når eg no les om kommunedirektøren sitt formannskapsbejubla framlegg om samanslåing av skulane, og i framtida éin monsterskule for alle elevane i Vanylven, så kjenner eg harmen vekse. Fordi dette er basert på tal, ikkje individ. Fordi det er basert på noko heilt anna enn mjuke verdiar som den einskilde elev står for. Framtidsretta? Det trur eg slett ikkje på. 

For kva framtidsvon gjev dette signal om? Her går ein ut i frå at Vanylven er dømd til å ha eit lågt folketal for all framtid, og at bygdene såleis ikkje skal få behalde den enorme verdien det er å ha sin eigen skule.  Kva tankar skal vi gjere oss om framtida, vi som har flytt attende? Kva med dei som ynskjer å flytte til? Det var då voldsomt til pessimisme, Nørve. Utarming av bygdene er vel ikkje vegen å gå dersom ein skal få vanylvssamfunnet til å vekse. 

Vi må innsjå at Vanylven kommune ikkje har eit opplagt kommunesentrum. Ikkje som kommunene rundt oss, som har tydelege bygdebyar kransa av mindre bygder rundt. Vi treng ikkje late som at det er slik det må vere heller. For det må det jo ikkje. Ein desentralisert struktur kan vel også funke bra, vi må ikkje vere som alle andre, åkei, Vanylven? Kan hende skal vi sjå på kva vi har, gjere oss til noko annleis på ein god måte? 

Skulane er dyrebare for ei bygd. Skapande, samlande. Mørtelet mellom byggesteinane i bygda. Tru meg, eg er Syltefjording. Når skulen vart nedlagt i 2000, fekk elevane fritt skuleval. Ei enorm bjørneteneste frå lite framsynte politikarar, som utarma bygda vår og skapte ein distanse mellom ungane. Dei kjenner ikkje kvarandre. 

No bed eg om at politikarane som styrer kommunen vår må vere hakket kvassare til å sjå inn i framtida: kva vil skje med ei bygd dersom ho misser skulen sin? Det er ikkje så vanskeleg å skjøne, og ein kan godt legge til sides statistikk og tal, medan ein tenkjer seg om. Det er heller ikkje vanskeleg å skjøne at folk opponerar mot dei styrande, når dei trugar det trygge og stødige i borna våre sine liv. Skulen er ein så enormt stor del av liva deira. Grav godt i dykk sjølve, sjå om de klarar å finne fram til ein form for innleving eller empati. Eg er sikker på de greier det om de prøvar!  

Arrogansen lyser klart og bjart når ein tenkjer på alle folkemøta som har vore kalla inn til i bygdene, der politikarane og administrasjonen skal høyre på folket sine tankar om framtid og struktur. Når dyre konsulentar, henta inn av kommunen frå heilt andre miljø enn bygdemiljøet, vasar rundt frå skule til skule for å lytte og kome med sitt vell av floskelar og kvasi-prat som kun er overflate og fine ord, ja, då er arrogansen komplett. Ingen skal fortelje meg at det nokon gong var meininga å eigentleg lytte til korkje fagfolk i skulane våre, eller bygdefolket. Så kva var det då, alt saman? Eit skal, eit skin, eit spel? Ingen av oss føler på nokon måte at vi er høyrde. Så skal de i det minste få høyre oss no. 

Vi vil ha framtid. Vi vil ha framtidsvon. Siste åra har synt at det slett ikkje er særleg klokt å stue folk saman i store einingar. Vi har pusta letta ut, til og med utan munnbind har vi pusta ut, her i vår gode kommune med stor plass, når vi har sett korleis det har vore i meir tettbygde strøk. Ah, har vi tenkt, kor godt å sleppe den sentraliseringa. Den forbanna sentraliseringa som så tydeleg ikkje er av det gode. Vi hadde rett, tenkjer vi, vi hadde rett då vi flytta hit til Vanylven kommune. Kor godt å vite! For ein god stad å vere! Så kjem dette deisande i fanga våre. Sentraliseringspolitikken, det vi har freista å unngå ved å kome attende, ved å slå rot her, den smyg seg inn på det mest smålige vis. Nesten utan at vi rekk å sjå kva som skjer. 

Framtidsretta skulebruksplan, kallast dokumentet. Ironisk nok. Blendande ord, ikkje sant? Men no må de som er politikarane våre, som vi har stemt på og tenkt skal vere fornuftige folk, gå i djupna av dette og gjere det som er rett. De må vere framsynte. De må forsyne bygdene våre med framtidsvon. 

Eit døme er Åheim der det no finst ein nydeleg, skjør optimisme, grunna at så mange unge har flytta attende, kjøpt seg hus og heim, stifta familie. Ein aldri så liten babyboom i år, og bygdefolket gler seg.  Det same gjeld fleire bygder i kommunen. Og smitteeffekten er sjølvsagt stor, kjem nokon, kjem fleir. Små bygder går i syklusar som fylgjer generasjonsskiftet. Så må ein freiste å bygge under dette, støtte og lyfte fram, i staden for å bygge ned. Er det ikkje det vi alle ynskjer oss? Levande bygder, med ungar som leikar, dansar, driv med idrett, syklar langs vegane vårkveldane? Det er i alle fall difor vi er her. Vi vil vere i miljø som har trygge, gode bygdeskular, som ser alle for den dei er. Som gjer at ein kan sende femåringen sin på skulen og kjenne at ho eller han er trygg der. At vi som foreldre er trygge. At skulen, med alle sine elevar og tilsette, ligg trygt der han er. 

Så gje oss von for framtida, og for ungane våre, det er alt vi ber om.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

1 Kommentar
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer
BRULAND LAILA
BRULAND LAILA
2 år siden

Bra skreve. Du er super flink Hilde