Myklebust skule
Myklebust skule FOTO: Tanja Anett Thunem

Tilsette ved Myklebust skule:

– Vi veit at om vi legg ein skule til ei av bygdene, t.d. ein skule på Fiskå eller Åheim, vert det mykje motstand og splitting

Desse innspela kom inn til Vanylven kommune etter ein gjennomgang av dei ulike modellane av barnehage-og skulebruksplan i juni i år, og saka i formannskapet 31. august.

Innspelet er skrive av:

Reidar Magne Baade ved Myklebust skule,  2. juni 2021:

Eg meiner at det finst ei løysing som alle etter kvart hadde jubla over. Når det gjeld 1-4 klasse, skal eg ikkje meine for mykje. Berre seie at eg trur at tre skular med 1-4 klasse vil bli for smått både for elevar og lærarar. Frå 5–10 klasse bør det vere ein felles skule for heile kommunen.

Eg meiner då at ein må gå for utvida skuledag/leksefri skule. Elevane går då t.d. til halv fire man-tors og til kl to på fredagane. Dei har studietid kvar dag (60-90 min), der dei jobbar med det dei treng mest (prøver, innleveringar og liknande.), og dei reiser heim utan at dei treng å gjere skulearbeid. Foreldra hadde likt godt at elevane får kyndig hjelp til alt skulearbeidet, og dette ville ført til ei mykje betre stemning i mange heimar.

Utvida skuledag/leksefri skule har eg sjølv svært gode erfaringar med frå Geiranger. Dersom det hadde vore ønske om det, kunne eg gjerne ha tenkt meg å dele nokre av desse erfaringane. No må eg passe meg for å ikkje skrive for mykje, men dette er noko eg brenn litt for. Uansett trur eg at det hadde vore lurt å tenke nytt i denne litt vanskelege skulesaka her i Vanylven.

_ _ _

Innspelet er skrive av;

Grethe Ervik ved Myklebust skule,  1. juni 2021:

Det er ikkje nokon løyndom at eg meiner ein ny skule på Eidså er det beste for framtida og borna. Dette alternativet legg etter mi meining best til rette for at vi kan starte ein ny og framtidsretta kultur i Vanylvsskulen.

Vi veit at om vi legg ein skule til ei av bygdene, t.d. ein skule på Fiskå eller Åheim, vert det mykje motstand og splitting. Eg tenkjer litt på det som skjedde når dei bygde ny skule på Dalsfjord. Fortsatt bygder og menneske som ikkje klarer å legge det frå seg og som dermed hindrar utvikling og nytenking. I tillegg meiner eg det er svært uheldig å ha ein ungdomsskule midt i bustadfelt og nær butikk.

Elevane bør ha tilgang til gode fasilitetar som legg til rette for sunn og god uteaktivitet heile året. I så måte har vi ei unik mulegheit på Eidså! Byggjer vi ein ny skule, som vi i lag med elevane kan bli med å forme, har vi høve til å skape eit felles eigarskap til det viktigaste vi har for framtida. Ja, det er sjølvsagt nokon som vil seie: tenk på økonomien, eller det kjem nok til å gå seg til. Men er det slik vil vi ha det? Er det godt nok for borna våre? Berre nokre tankar sånn umiddelbart.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer