Fiskå skule
FOTO: Arkiv

FAU ved Fiskå skule:

– Ei midlertidig ordning med rullerande ungdomsskule er ikkje eit alternativ

Desse innspela kom inn til Vanylven kommune etter ein gjennomgang av dei ulike modellane av barnehage-og skulebruksplan i juni i år, og saka i formannskapet 31. august.

Innspelet er skrive av;

FAU ved Fiskå skule,  2. september 2021:

  • FAU ved Fiskå skule støttar «modell 1» i KS sin rapport «kvalitetsplan for barn og unge», med barnehage og 1-7 trinn på Fiskå, i Syvde og på Åheim som i dag, og ein ungdomsskule for heile Vanylven kommune. Vi ventar at det kjem ei avklaring no på korleis skulestrukturen skal vere.
  • Ei midlertidig ordning med rullerande ungdomsskule er ikkje eit alternativ. Alle ungdomsskuleelevane bør gå saman og samanhengande på same stad frå 8-10 klasse. Også ungdomsskuleelevane treng trygge, stabile, og føreseielege rammer, jamfør side 10 i «Kvalitetsplan for barn og unge», som er vedteke av eit samrøystes kommunestyre i 2019.
  • Vanylven er ein stor kommune geografisk, og mange barn har allereie lang veg til skulen som det er. Det er altfor langt for barn på barneskulen (1-7) frå ulike delar av kommunen å ta buss til ein felles barneskule, same kvar den måtte bli plassert. Det gjev uansett lite meining å busse born frå den største barneskulen, der mange i dag har gangavstand til skulen, til ein annan skule.
  • Mange har valt å busette seg sentralt på Fiskå nettopp fordi der er trygge nærmiljø og kort veg til barnehage og barneskule. Det same gjeld sikkert også for Åheim og Syvde. Skal det vere attraktivt å bu i bygdene i Vanylven, og skal vi få fleire til å flytte dit, må det også vere fullverdige barneskular der. Å ha kun 1-4 skule i dei ulike bygdene vil gi for små miljø fagleg og sosialt både for elevar og lærarar.
  • Diskusjonen rundt skulestrukturen må ikkje påverke vedtaket om nytt skulebygg og gymsal på Fiskå. Til dømes vart førsteklassingane våre i år mottekne i eit bygg som var stengt i fjor på grunn av dårleg inneklima. Dette held ikkje mål. Både vaksne og barn har krav på eit sunt arbeidsmiljø. Nytt skulebygg for 1-7 ved Fiskå skule er vedteke i kommunestyret. Det hastar også å få bygd den nye og vedtekne gymsalen på Fiskå. Den eksisterande gymsalen er som kjent i dårleg stand. Gymsal er ikkje berre avgjerande for å ha kroppsøving i skuletida, men den må også på plass for å sikre fritidsaktivitetar, trening, og folkehelse for barn og vaksne i heile lokalsamfunnet. Folkehelseoversikta 2020-2024 for Vanylven Kommune understrekar kor viktig dette er. Vi opplever stadig at Olivinhallen, som er det einaste reelle alternativet, er fullbooka. Vi ventar at framdrifta med nytt skulebygg og gymsal vert halde oppe, og at vi blir haldne informerte om kva som skjer i saka.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest
0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer