– Ein bil har køyrd av vegen, dame opplyser å ha vondt i ryggen. Ikkje til hinder for anna trafikk, melde Politiet på Twitter.
Klokka 18.25 kunne Politiet Møre og Romsdal opplyse til Synste Møre om at både politi, brannvesen og ambulanse var på plass på staden.
Det var kun èin bil involvert i ulukka, med berre sjåfør i bilen.
Klokka 18.51 melde Politiet at førar av bilen vert frakta til Ålesund sjukehus av helsepersonell. Årsaka til hendinga er ikkje kjend per no.