koronaball

To nye smittetilfelle tysdag kveld

Kommuneoverlege Cecilie Oppedal melder i kveld om to nye tilfelle.

– Desse er no isolert, og nærkontaktar er sett i karantene. Ein av dei smitta har vore innom Hakallegarden søndag 1.august, skriv Oppedal seint tysdag kveld.

Bakgrunnsinformasjon gjer at ein vurderer smitterisikoen som låg, men ho oppmodar likevel besøkande på Hakallegarden om å vere ekstra observante på eventuelle luftvegsymptom, og ha låg terskel for testing.

Smitte på festival i Stryn

Måndag kveld gjekk Oppedal ut med informasjon om smitte i Stryn kommune. Det gjaldt ei oppmoding om at deltakarar på Stryn Gummibåtfestival sist helg skulle teste seg.

Nye opplysningar kom til i løpet av kvelden, og oppmoding om testing gjeld også gjestar på Isehaug kafeteria/ Johans pub laurdag 31.juli, i tidsrommet 16.00-01.00, då tre personar hadde testa positivt her.

– Sande kommune har i dag informert om at desse tre deltok på Gummibåtfestivalen laurdag, men det vart avkrefta etter samtale med dei smitta no i kveld. Vi oppfordrar alle som var gjester ved Isehaug kafeteria / Johans pub i dette tidsrommet, om å ha svært lav terskel for å teste seg for koronavirus ved symptom, også personar som er vaksinerte. Vaksine beskyttar svært godt mot alvorleg sjukdom, men ein kan framleis bli smitta og smitte andre, la kommuneoverlegen ut på si Facebookside måndag.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer