Illustrasjon
Illustrasjon

Fylkesveg 61 var stengt – person frakta til sjukehus etter velt med motorsykkel

Like etter klokka 11.00 fredag føremiddag rykte Vanylven brann og redning ut frå stasjonen på Fiskå til ein motorsykkel som hadde velta i vegbana ved Juvatnet. Føraren er frakta til sjukehus for undersøking.

– Ein motorsykkel har velta ved Juvatnet. Vi er ikkje framme på staden endå, opplyste 110-sentralen i Møre og Romsdal til Synste Møre like etter klokka 11.00.

Klokka 11.12 melde også Politiet i Møre og Romsdal om hendinga.

– Føraren er oppegåande, men ukjent skadeomfang, melde Politiet på Twitter.

Litt før klokka 12.00 fredag melde Politiet at føraren er frakta til sjukehus for undersøking og oppfølging.

– Det var ingen andre køyretøy eller personar involvert i ulukka. Trafikken vert dirigert forbi staden, skriv Politiet på Twitter.

Like etter klokka 12. 10 fredag melde Vegtrafikksentralen Midt at vegen var open igjen for trafikk.

Kommentarer

Her er du velkomen til å debattere saka videre. Men tenk gjennom korleis du vil fram stå og kva uttrykk du brukar. Ein liten huskeregel: Ikkje skriv noko som du ikkje kunne ha ropt ut på torget med mange tilhøyrarar. Du må bruke fullt namn - falske profilar vert utestengt. Hald deg til saka, vis respekt og stor rausheit overfor andre. Trakassering, truslar og hatske meldingar slettast. Hald deg innanfor lova.
Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer