vaksine foto fhi
FOTO: FHI

Utfordrande å få tak i dei mellom 18 og 24 år: – Ring tilbake

Vaksinasjonsteamet i Vanylven har for tida store problem med å nå dei i aldersgruppa 18-24 år. No ber dei folk om å ringje tilbake ved tapte anrop.

Kommunen får fleire vaksinedosar i tida framover.

– Med bakgrunn i at vi klarar å trekkje ut fleire dosar enn det vi får oppgitt, estimerer vi at vi i veke 30 og 31 får kring 300 vaksinedosar. I veke 30 er det omlag 250 nyvaksineringar, skriv kommuneoverlege Cecilie Oppedal i ei tekstmelding til Synste Møre.

Det som derimot skapar problem, er at mange i denne gruppa ikkje svarar når kommunen ringjer. Mange ringjer heller ikkje attende seinare.

Når dei endeleg får tak i dei, viser det seg at mange allereie er vaksinerte andre stadar.

– Gje beskjed om de er vaksinerte andre plassar. Mange har til dømes vore vaksinerte i militæret, fortel Agnethe Sandvik. Ho er ein del av vaksinasjonsteamet i kommunen.

– Kva skjer viss ein ikkje er tilgjengeleg på telefon?

– Vi set opp vaksinering fortløpande, så då havnar ein lengre bak i køa. Det er viktig å ringje tilbake viss ein ser at vi har ringt, seier ho.

– Kva viss ein får telefon når ein er på ferie?

– Vi lagar lister for vekene framover, så det er ikkje noko problem, seier ho.

Ho strekar under at det er dumt om dei må bruke mykje tid på å få tak i folk.

– I tillegg er det vanskeleg å finne riktig nummer til dei, legg ho til.

Allereie neste veke planlegg dei å ringje rundt til aldergruppa 25-39.

Abonnér
Varsle om
guest
0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer