Frigir namna på dei omkomne

Det var to systrer som omkom på Melshornet i Hareid søndag.

Det var 18 år gamle Benedicte Myrset og den 12 gamle systra Victoria Myrset frå Oslo som omkom då dei vart råka av eit lynnedslag på fjellet Melshornet i Hareid søndag ettermiddag.

Det skriv Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding måndag, og legg til at dei frigir namna i samråd med dei pårørande.

– Det var tre systrer i turfølgjet som vart råka av lynnedslaget. Den tredje vart skadd og er innlagt ved Haukeland universitetssykehus. Oppdatert informasjon om skadetilstanden er ikkje tilgjengeleg, skriv dei i pressemeldinga.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer