Trinn 3 i gjenopninga:

Breiddeidretten får klarsignal

Fredag kom den etterlengta beskjeden om at breiddeidretten får lov til å gjennomføre kontakttrening igjen.

Det var under ein pressekonferanse fredag at regjeringa la fram sine planar for vidare gjenopning av landet.

Her vert det opna for eit unntak frå anbefalinga om 1 meter avstand både utandørs og innandørs, der dette er naudsynt for å kunne drive med idrett-, kultur- og fritidsaktivitetar. Samtidig aukar regjeringa den anbefalte gruppestorleiken til inntil 30 personar innandørs og 40 utandørs. Dette gjeld frå og med i dag, fredag 18. juni.

Nye reglar

Elles vert det også opna opp for meir aktivitet og fleire personar på arrangement frå og med søndag 20. juni kl. 12.00.

Det vert opna for at vaksne i breiddeidretten får unntak frå 1-metersregelen for å ta del i idrettsarrangement, til dømes kampar og stemner, men berre innanfor eigen region eller krets.

Born og unge kan derimot ta del på idrettsarrangement og konkurransar nasjonalt, både inne og ute, og utan krav om å halde 1 meter avstand.

Fleire på arrangement

Gjenopninga betyr også fleire personar både på private og offentlege arrangement. På private arrangement på offentleg stad, til dømes i eit leigd lokale, kan ein vere inntil 100 personar både inne og ute.

På offentlege arrangement inne vert det, utan faste sitjeplassar, avgrensa til inntil 400 personar fordelt på to kohortar. Med faste, tilviste sitjeplassar, kan ein vere inntil 1000 personar fordelt på to kohortar. Ved bruk av koronasertifikat og testing, kan ein vere inntil 2500 personar.

På offentlege arrangement ute gjeld det dobbelte.

Dei nye anbefalingane finn du her.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer