IMG_3853

Arbeidar treft av stein i foten:

Arbeidsulukke i Flugevågen – person sendt til Ålesund sjukehus

I samband med arbeid med ei høgspentline i Flugevågen, vart ein arbeidar treft av ein stein i foten torsdag.

– Det kom ei melding til Vest politidistrikt klokka 11.25 om ei arbeidsulukke i samband med arbeid på ei høgspentline. Luftambulanse kom frå Ålesund, og redningsmann og lege gjekk inn. Så kom redningshelikopter etterpå. Ein arbeidar er treft av ein stein i ein fot, seier operasjonsleiar Per Åge Farstad til Synste Møre.

Han fortel at redningshelikopter var på staden litt før klokka 12.10 torsdag. Vedkomande skal vere bevisst, men skal ha store smerter i foten.

Vedkomande vart etterkvart sendt til sjukehuset i Ålesund med luftambulanse.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer