vasslekkasje vanylven kommune
FOTO: Vanylven kommune

Vasslekkasje på hovudvassleidning ved Fiskå Karosseri

Tidleg onsdag morgon melde Vanylven kommune om vasslekkasje på hovudvassleidning ved Fiskå karosseri.

15.30: Oppdatering

Vanylven kommune skriv av arbeidet med reparasjonen av vasslekasjen er meir omfattande en først antatt, og vil mest truleg halde fram til kl. 22.00 19.mai.

– Om alt går bra, vil det sannsynleg verte ferdig tidlegare, men vi ber difor om å fortsatt avgrense vassforbruket frå Myrane(Fiskå) til og med Åheim, skriv ein på kommunen si heimeside.

Stenger vatnet

– Vi vil stenge vatnet som forsyner: Frå Myrane og til Åheim 19. mai ca. kl.0800. Vi har høgdebasseng som vil forsyne dei som har kommunalt vatn i dei berørte områda. Med dette ber vi derfor om at dei som bur frå Myrane (Fiskå) til og med Åheim om å avgrense vassforbruket 19. mai mellom kl.0800-1600, skriv kommunen på si nettside.

Dei legg til at dei håper å ha reparert det innan 19. mai kl.1600.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer