koronaball

Tre nye smittetilfelle i Stad

Laurdag melde Stad kommune om tre nye smittetilfelle.

Prøvesvar frå PCR-testing på Nordfjordeid fredag syner at éin ny person har testa positivt for covid-19. Laurdag har hurtigtestar vist at ytterlegare to personar i denne husstanden er smitta. Nærkontaktar er sett i karantene og vert testa. Smittevegen er inntil vidare usikker.

Ein av dei smitta i den aktuelle husstanden arbeider som lærar i klasse 1B ved Nordfjordeid skule og kan ha vore smittsam i klassemiljøet torsdag og fredag. Etter ei samla vurdering av smitterisiko har ein laurdag kveld sett elevar og tilsette ved heile 1. klassetrinn ved Nordfjordeid skule i karantene og dei vert testa søndag. Husstandsmedlemmar er sett i ventekarantene.

Ein av dei smitta er eit barn i avdeling 2 ved Golvsengane barnehage. Eit søsken av det smitta barnet går i avdeling 4 i same barnehage, og sjølv om hurtigtest laurdag ikkje var positiv, vurderer ein det som sannsynleg at også dette barnet kan vere smitta. Born og tilsette i både avdeling 2 og avdeling 4 i Golvsengane barnehage er laurdag kveld sett i karantene og vert testa søndag. Husstandsmedlemmar er sett i ventekarantene.

Tidlegare i veka vart elevar og tilsette i klassetrinn 3 til 8 ved Kjølsdalen Montessoriskule og i klasse 7B ved Nordfjordeid skule sett i karantene. Alle elevar og tilsette i desse gruppene har testa negativt på første test i karanteneperioden. Alle held fram i karantene og vil verte testa på nytt mot slutten av karantenetida.

Sidan det er usikker smitteveg i saka som er påvist laurdag, er det svært viktig at alle innbyggjarar har lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved symptom på sjukdom. Alle innbyggjarar vert også oppmoda om å ha få nære kontaktar utover eigen husstand og kohortar knytt til arbeid, skule/barnehage og faste grupper i fritidsaktivitetar.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest
0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer