Den raude streken viser bru/ steinfylling mellom Ytre Tunheim og Korsneset på Slagnes. Bru med fylling vil bli ca 1,5 km lang. Og vil bli svært dominerande i landskapet, meiner Ståle Thunem.
Den raude streken viser bru/ steinfylling mellom Ytre Tunheim og Korsneset på Slagnes. Bru med fylling vil bli ca 1,5 km lang. Og vil bli svært dominerande i landskapet, meiner Ståle Thunem. FOTO: Ståle Thunem

– Bru over Syltefjorden? Ein uforståeleg ide, skriv Ståle Thunem

Dette lesarinnlegget er skrive av Ståle Thunem.

Synergigruppa som er utpeikt av formannskapet, har laga plan over aktuelle område i Vanylvsfjorden som bør få steinmasse frå den planlagde tunnelen gjennom Stad.

Mellom anna meiner synergigruppa at det bør byggast bru over Syltefjorden frå Korsneset på Slagnes til Ytre Tunheim. Bru og steinfylling kan bli ca 1,5 km lang.

Det er ikkje laga til planar/ utgreiingar for ei slik bru. I formannskapsmøte sist måndag var det fleirtal for å be  Møre og Romsdal fylke snarast mogleg om å planlegge bru slik at ein kan nytte fyllmasse frå Stad skipstunnel.

Dette meiner eg og mange med meg at det er svært lite gjennomtenkt. Bygge bru over Syltefjorden er rein miljøkriminalitet.

Utsikt mot Slagnes og Korsneset. Raud strek viser omtrent korleis nedkomst til bru vil bli på Korsneset, skriv Ståle Thunem. FOTO: Ståle Thunem

Syltefjorden har vore og er ein utruleg fiskerik fjord. Den er mellom anna gyteplass for torsk som truleg vil bli skadelidande av bru og massedumping i fjorden. Syltefjorden er ein terskelfjord som krev gode forhold for utskifting av vatn. Denne terskelfjorden vart utgreven av ismassene som la igjen undersjøiske morener ute i fjordmunningen. Utskifting av saltvatnet skjer over denne terskelen. 

Dersom terskelen ikkje er altfor grunn, vert djupvatnet inst i fjorden fornya med ujamne mellomrom. Blir grunnforholda endra, så kan det bli vanskeleg å fornye oksygenet i den djupaste delen av fjorden. Oksygenet kan i verste fall bli oppbrukt og vi får ein fjord med dårleg vatn. Fisken vil då etter kvart forsvinne.

Kart som viser ca plassering av bru/ steinfylling over Syltefjorden. Med bru vil ein spare ca 6-7 min i køyring ( veglengde ca 10 km). ILLUSTRASJON: Ståle Thunem

Ei bru over fjorden vil øydelegge svært vakker natur og naturopplevingar. Alle på Fiskå og på nordsida av fjorden vil få utsikta øydelagt av ei lang og truleg skjemmande fylling og bru (1,5 km lang). Den påtenkte brua skal etter planen gå frå Korsneset på Slagnes og til Ytre Tunheim. ( Sjå foto) Begge områda er unike fordi strandlinjene og fjøra er godt bevart på begge sidene. Fjøreområdet frå Fiskåelva og inn til Ytre Tunheim er eit praktfullt verneverdig naturområde . Det same kan seiast om Korsneset på Slagnes. På desse stadane er det at Synergigruppa meiner at ein kan dumpe fyllmasse og lage bru.

Siste 50 åra er det med jamne mellomrom bygt ut steinvorrar/ hamner med eller utan tillatelse i heile Vanylven.  Med ny bru skal ein øydelegge endå meir av strandlinje og fjøre og uberørt natur.

Utsikt mot Ytre Tunheim FOTO: Ståle Thunem

Elles så meiner eg at ei bru over Syltefjorden er lite lønsamt samfunnsøkonomisk. Det ville vere mykje betre om politikarane arbeidde for å få betre veg rundt Syltefjorden noko dei alle lova høgt og tydleg på folkemøte før siste kommuneval. 

Ein vil kome langt på veg rundt fjorden for den kostnaden det vil vere å planlegge og lage vegar ned til «ny bru» på begge sider. I tillegg vil ein få store kostnader med sjølve fyllinga og brua.

Utsikt frå Tunheimshornet. Biletet viser den unike stranda/ fjøra frå Fiskå til Ytre Tunheim, skriv Ståle Thunem. FOTO: Ståle Thunem

Med ei bru over Syltefjorden så vil folket på sørsida av fjorden spare 6-7 minutt på turen til sentrum på Fiskå. For mange er dette sjølvsagt verdifulle minutt. Men desse innsparte minutta vil gå på bekostning av øydelagt vakker natur og kanskje ein forureina fjord som har vore nytta til rikt fiske i uminnelege tider. Dersom bruframlegget går gjennom vil uerstattelege område langs fjorden bli rasert for å kunne bruke mest mogleg GRATIS stein. Dette er kortsiktig tenking av våre folkevalde.

Det er lov å tenkje seg om.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

1 Kommentar
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer
Bjarte Løvold
Bjarte Løvold
2 år siden

Heilt enig med deg Ståle, sidrumpa tanker, bruk massa til utbedring av vegen som er, ei skam for kommuna at hovedvegen ikkje har gul midtlinje i 2021!!