koronaball

Onsdag kveld: To nye smittetilfelle i Stad

Seint onsdag kveld melde Stad kommune om to nye smittetilfelle i kommunen.

– Onsdag ettermiddag er det gjort testing i samband med smittesporing rundt det siste smittetilfellet i kommunen som vart gjort kjent onsdag morgon. Ved bruk av hurtigtestar har to nye personar fått påvist covid-19. Desse var begge nærkontaktar til den tidlegare smitta, og allereie sett i karantene tysdag kveld. Det er gjort smittesporing kring dei to. Nærkontaktar er sett i karantene og vert testa torsdag. Husstandsmedlemmar til nye nærkontaktar er sett i ventekarantene, skriv kommunen i ei pressemelding.

– Den eine av dei smitta arbeider som lærar på klassetrinn 3 til 8 ved Kjølsdalen Montessoriskule og kan ha vore smittsam i skulemiljøet måndag denne veka. Alle elevar/tilsette på dei aktuelle klassetrinna er sett i karantene og vert testa torsdag. Dette er til saman omkring 40 personar. Husstandsmedlemmar er sett i ventekarantene. Trinn 1 og 2 ved skulen er ikkje nærkontaktar til den smitta og er ikkje sett i karantene. Fordi karantenetiltaka fører til ein utfordrande bemanningssituasjon, vil det likevel verte heimeskule også for trinn 1 og 2 dei kommande dagane, skriv Stad kommune.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer