Vanylven Frp:

Planlagd strategi – eller berre ein glipp?

Dette innlegget er skrive av Bjarne Sætrenes, gruppeleiar Vanylven FrP.

Dette innlegget er skrive av Bjarne Sætrenes, gruppeleiar Vanylven FrP.

Vanylven er ei god kommune for både innbyggjarar og næringsdrivande. Men alt godt kan verte betre. Vekst og framgang krev innsats.

Vanylven FrP har alltid meint at kommunen må legge til rette for vekst og trivsel. Ikkje berre for dei som er nyetablerarar men også for dei som alt er etablerte og har vore med å dra lasset så langt. Vanylven FrP meiner at det er særs viktig at kommunen legg til rette med næringsareal for dei som vil etablere noko som skapar aktivitet og arbeidsplassar, så langt råd der desse ynskjer det.

No ser vi at dei som lagar statistikkar peikar på kommunen vår og seier at vi må førebu oss på folketalsnedgang. I desse dagar startar kommunen opp arbeidet med ny samfunnsdel til Kommuneplanen. I arbeidsmøte i kommunestyret om planen, kom det fram mange gode forslag om korleis ein ser føre seg at kommunen skal klare å møte denne framtida. Utan at der vart gjort noko avstemming, var det likevel tydelig at dei fleste meinte at tilgjengelig næringsareal rundt om i kommuna var eit viktig tiltak for å sikre eksisterande arbeidsplassar og skape nye. For slik å bremse folketalsnedgangen.

Det er såleis med undring vi ser at fleirtalet i kommunepolitikken ikkje vil bruke pengar frå sal av kommunale eigedomar til regulering for å skape nytt næringsareal. Når ein heller ikkje vil bruke pengar på prøveboring for å sjekke stabiliteten på eit  eksisterande næringsareal på Åheim som er tenkt utvida, så set ein med det ein effektiv stopp for utvikling i det aktuelle omradet.

Når gruppeleiaren i Ap i Vanylven på fyrste møte etter nemnde vedtak kjem med forslag i ei sak under eventuelt, om at kommunen skal lagre masse frå SST midt i «indrefileten» på Fiskå (Fredsvoll). Med ein kvalifisert anslått kostnad på 10 mill., og alt det vil medføre av tungtrafikk, støv og støy, er det vel kanskje ikkje så rart om spørsmålet frå overskrifta dukkar opp.

Vi vil til slutt oppmoda alle som har sagt høgt og tydeleg at vi treng meir og fleire næringar i Vanylven: Lat oss no ilag ta vare på moglegheitene Stad skipstunnel gir oss til akkurat det. Det er det vi alle har kjempa for så lenge.

Vanylven Arbeidarparti sitt motsvar:

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer