Vanylven Ap svarar:

Det må vel vere lov å sjå mulegheitene Bjarne Sætrenes?

Dette lesarinnlegget er skrive av Ottar Jan Løvoll i Vanylven Arbeidarparti, som eit motsvar til Bjarne Sætrenes sitt innlegg «Planlagd strategi – eller berre ein glipp?»

Når Bjarne Sætrenes ikkje greier å sjå mulegheitene som ” indrefileten” på Fiskå (Fredsvoll) har, så kan eg prøve å forklare litt, slik eg ser det.

Dette er eit område sentralt på Fiskå på ca 18 dekar, som i dag stå ubrukt, som kommunen eig og som no veks igjen med småskog og ikkje er i bruk til noko.

Då må det vere lov å tenke at her kan ein skape noko for framtida og i eit område som er regulert til offentleg formål.

Det er her massen frå Stad Skipstunell kjem inn og det er berre ein gong vi får den mulegheita til å kunne bruke den.

Med å ta vekk mold/myr som er der og fylle opp med masse, så har ein plutseleg 18 dekar med feridig byggegrunn, sentralt på Fiskå. Er ikkje det framtidsretta Bjarne?

Ein kan ha mange tankar til bruken av dette arealet på Fiskå bl.a badeland i miniformat, skøytehall, tennisbane, skulebygg, kontorbygg, leik/aktivitet og mykje meir.

Så litt om tanken på å lagre masse der og kva den kan brukast til. Eg tok opp i kommunestyret på tysdag og oppfordra kommunedirektøren til å gå i samtaler med Protex AS på Fiskåholmen om mulegheiter til å ta inn massen der og om muleg mellomlagre litt masse der.

Denne massa kunne brukast til mindre anlegg rundt om i kommunen, utfyllingar, næringsformål, turstiar, masse til lag og organisasjonar og det kunne vere vår andel av spleiselaget i lag med fylkeskommunen for å få breiddeutviding av Syltefjordveien. Er ikkje dette bra då ,Bjarne ?

Etter signal som eg får er det behov for mindre utfyllingar rundt om fleire stadar  i kommunen og dette kan då køyrast direkte når vi får den, og treng ikkje lagrast nokon plass, men at ein del av massa kan lagrast på ( Fredsvoll) og andre plassar i Vanylven. På Lilleeidet er også ein del tomter der denne massen kunne vore brukt på.

Ser også at gruppeleiaren i FrP er uroa over alt dette vil medføre av tungtrafikk, støv og støy.

Eg ser det heilt annleis, eg ser det som eit framtidsretta tiltak til det beste for alle som bur i Vanylven og for fellesskapet. Det må vere lov å sjå mulegheitene og synergiane av det som vi kan skape.

Abonnér
Varsle om
guest
0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer