koronaball

Smitteutbrot i Ørsta: Vurderer særskilde smitteverntiltak

Frå tysdag til onsdag vart det meldt om 13 smittetilfelle i Ørsta. No vurderer kommunen om dei skal innføre strengare smitteverntiltak.

– Ørsta kommune fekk i kveld 7. april melding om 9 nye smittetilfelle med covid-19. Alle desse er knytt til dei 4 smittetilfella Ørsta kommune fekk meldt 6. april pg 7. april. Det er i alt meldt 13 nye smittetilfelle i kommunen det siste døgnet. Smittevegen er no kjent, og smitta skriv seg til utbrotet i Herøy og Ulstein kommune, melde Ørsta kommune i ei pressemelding onsdag.

Smittesporingsarbeidet pågår framleis. I samband med desse smittetilfella vil fleire verte sette i karantene, dette gjeld:
  • Fleire bebuarar og tilsette ved Bakk-Ola-Marka.
  • Fleire bebuarar og tilsette ved Ørstaheimen, buavdelinga.
  • Elevar i klasse 4A, 4B, 7A og 7B på Velle skule som var på skulen 06.04.
  • Elevar i klasse 9A og 9C på Ørsta ungdomsskule som var på skulen 06.04.
  • Fleire fotballag som har hatt trening i Kiwihallen 04.04. og 05.04.

– Dei nærkontaktene som ikkje er informert i kveld, vil verte kontakta i morgon. Vi ber om at dei som er varsla som nærkontakter frå skule, arbeidsstad eller fotballtrening, bestiller seg time til første test i morgon 8. april, opplyste Ørsta kommune om onsdag kveld.

Intens jobbing

Torsdag føremiddag melder Møre-Nytt at kriseleiinga i Ørsta arbeider intenst med situasjonen.

– Førebels er det ikkje teke endelege avgjerder, og det er særleg situasjonen på skulane det vert arbeidd med, seier ordførar i Ørsta kommune, Stein Aam til avisa.

Ein konklusjon her er venta seinare i dag.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer