koronaball

Nytt smittetilfelle i Selje

Onsdag kveld melde Stad kommune om eit nytt smittetilfelle etter testing gjort i Selje tysdag.

– Onsdag kveld har ein fått svar på 46 av 48 prøver tekne på Nordfjordeid tysdag og 14 av 14 prøver tekne i Selje tysdag. Prøvesvar viser at éin ny person har fått påvist covid-19 etter testing i Selje tysdag. Personen har vore i karantene som nærkontakt til ein tidlegare smitta person i same husstand. Det er ingen nye nærkontaktar, skriv Stad kommune i ei pressemelding.

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært låg terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest
0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer